Forskings- og innovasjonsutvalet

På denne sida finn du informasjon om medlemmer og mandat for forskings- og innovasjonsutvalet ved Høgskulen på Vestlandet.

FI-utvalet ved HVL er eit rådgjevande organ på institusjonsnivå som skal

  • gi råd til rektor/prorektor i førebuinga av saker
  • kjenne til korleis, og sikre at organet sitt ansvarsområde inngår i eit heilskapleg HVL
  • i bestemte sakstypar fatte vedtak etter ev. delegasjon frå styret eller rektor/prorektor

Medlemmar i 2026-2029

  • Christine Øye, Prorektor for forsking (leiar)
  • Nestleiar: Øyvind Midtbø Berge, Prorektor for nyskaping og regional utvikling
  • Marjolein Memelink Iversen, Prodekan for forsking, Fakultet for helse- og samfunnsvitskap (FHS). Vara: Bjarte Håvik, Prodekan for nyskaping og regional utvikling (FHS)
  • Oded Ben-Horin, Prodekan for forsking, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), Vara: Sigurd Sandvold, Prodekan for nyskaping og regional utvikling (FLKI)
  • Stig Erik Jakobsen Prodekan for forsking, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap (FTMS). Vara: Roger Henning Normann, Prodekan for nyskaping og regional utvikling (FTMS)
  • Elisabeth Grov Beisland, førsteamanuensis, FHS, Vara: Ingrid Kristin Heggdalsvik, førsteamanuensis,  FHS
  • Vigdis Vangsnes, professor, FLKI. Vara: Ove Ronny Olsen Sæle, professor, FLKI.
  • Reza Arghandeh, professor, FTMS. Vara: Chunyan Xie, professor, FTMS
  • Stipendiatrepresentantar: Haakon Kristian Kvidaland, FHS, og Emily Moschowits, FTMS. 1. vara Espen Hoff Dyngeland, FLKI, 2. vara NN
  • Studentrepresentantar: Hedda Margrethe Stokken Madsen og Joakim Øyen. 1. vara Mathias Tønnesen, 2. vara N/A
  • Ekstern representant: Bodil Hansen Blix, professor, Noregs Arktiske Universitet, UiT.

Observatørar i utvalet er Turid Bogetvedt Hitland (avdelingsleiar bibliotek), Jan Ove Henriksen (fagansvarleg verksemdstyring), Rachel Gershuny Berge (forskingsrådgjevar FHS), Aina Alvsvåg (forskingsrådgjevar FLKI) og Bente Karin Hoddevik Ulvestad (forskingsrådgjevar FTMS).

Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon er sekretariat for utvalet.

Møtedatoar 2026:

  • 28.01.26
  • 13.04.26
  • 03.06.26
  • 15.09.26
  • 27.10.26
  • 09.12.26

Mandat

Forskings- og innovasjonsutvalet ved HVL er eit rådgjevande organ på institusjonsnivå.  Utvalet skal vere eit strategisk og samordnande organ som drøftar, belyser og gjev råd til rektor i saker knytt til forsking- og innovasjonsverksemd. Forskings- og innovasjonsutvalet ved HVL fattar vedtak i saker der mynde er delegert frå høgskulestyret eller rektor.

Strategisk rådgjeving

  • Bidra til at HVL har ein heilskapleg forskings- og innovasjonsstrategi som reflektera HVL sin faglege profil og kvalitetsambisjon
  • Følgje opp overordna mål og strategiske saksfelt innan forskings- og innovasjonsområdet
  • Gje råd om rammevilkår for forskings- og innovasjonsverksemda, og bidra til samordning og heilskap i organisasjonen
  • Gje råd om strategiske satsingar for sikring og utvikling av tilsette sin forskingskompetanse

Sikra kvalitet og utvikling i forsking- og innovasjonsverksemda

  • Bidra til utvikling av institusjonelle tiltak for å auke aktiviteten og kvaliteten på forskings- og innovasjonsarbeidet
  • Gje råd om oppfølging av målsettingane i Policy for forsking i institusjonen
  • Bidra til at HVL arbeidar strategisk med internasjonalt kunnskapssamarbeid og nettverksbygging
  • Tene som styringsgruppe eller referansegruppe for institusjonelle utviklingsprosjekt, -prosessar eller -satsingar som er relevant for HVL sine aktivitetar innan forsking og innovasjon

Samansetting Forskings og Innovasjonsutvalet ved Høgskulen på Vestlandet

Forskings- og innovasjonsutvalet har 11 faste medlemmar i tillegg til leiar og sekretær. Utvalet har fem observatørar med forslag- og uttalerett i møtet. Representantar for vitskapleg tilsette og stipendiatar samt ekstern representant vert oppnemnt av Prorektor for forsking. Alle representantane med unntak av stipendiatane og studentane vert oppnemnt for fire år. Stipendiatane vert oppnemnt for to år. Studentrepresentantane vert nemnt opp av Studenttinget for eitt år om gongen.