Forskings- og innovasjonsutvalet
FI-utvalet ved HVL er eit rådgjevande organ på institusjonsnivå som skal
- gi råd til rektor/prorektor i førebuinga av saker
- kjenne til korleis, og sikre at organet sitt ansvarsområde inngår i eit heilskapleg HVL
- i bestemte sakstypar fatte vedtak etter ev. delegasjon frå styret eller rektor/prorektor
Medlemmer
- Gro Anita Fonnes Flaten, prorektor for forsking (leiar)
- Alice Kvåle, prodekan for forsking ved Fakultet for helse- og sosialvitskap
- Silvia Borissova Encheva, prodekan for forsking ved Fakultet for økonomi- og samfunnsvitskap
- Torill Marie Bogsnes Larsen, prodekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
- Lise Bjørkhaug Gundersen, prodekan for forsking Fakultet for ingeniør- og naturvitskap
- Ole Jørgen Abusdal, stipendiat,
- Frida Lunde Høisæter, student
-
Pål Sørvik Pedersen, student
I tillegg deltek Turid Bogetvedt Hitland (avdelingsleiar Bibliotek), Elin Kvaale (nestleiar Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon) og Jan Ove Henriksen (økonomidirektør, Virksomhetsstyring og internrevisjon) som observatørar.
Varamedlemmar
- Catharina Christophersen, professor Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
- Marjolein Iversen, professor Fakultet for helse- og sosialvitskap
- Jens Kristian Fosse, førsteamanuensis Fakultet for ingeniør- og naturvitskap
- Kristin Lofthus Hope, førsteamanuensis Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap
- Unni Moen, stipendiat
- Caroline Anna Johansson Erviksæter, student
- Jan Erik Midtun Kjønø, student
Avdelingsleiar for Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon er sekretær for utvalet.
Møteplan våren 2021
- Forskings- og innovasjonsutvalet HVL (21.01.2021)
Avlyst
- Forskings- og innovasjonsutvalet HVL (24.02.2021) kl. 14-16
Click here to join the meeting
- Forskings- og innovasjonsutvalet HVL (24.03.2021) kl. 12-14
Click here to join the meeting
- Forskings- og innovasjonsutvalet HVL (20.05.2021) kl 12-14.30
Kronstad E241
Mandat
Forskings- og innovasjonsutvalet skal
- ta del i etableringa av, og følgje opp overordna mål og strategiske saksfelt innan FoU og innovasjonsområdet
- gi råd i saker som vedkjem økonomiske, organisasjons- og kompetansemessige rammevilkår for realiseringa av strategiske mål
- ta del i og stimulere til at HVL vert gjort synleg i strategisk relevante omgjevnader
- bidra til at HVL har ein heilskapleg forskings- og innovasjonsstrategi, og forskingsmiljø som reflekterer HVL sin faglege profil og kvalitetsambisjon
- vurdere, følgje opp og gi råd om tiltak for etablering, gjennomføring, publisering og avvikling av forskingsaktivitet
- følgje opp og gi råd i spørsmål om ressursbruk og målretta kompetanseutvikling i personalet knytt til HVL sine forskingsstrategiske satsingar
- rapportere til overordna eining om aktiviteten i året som er gått, med råd om vesentlege tiltak for kommande år