Samhandlingsutval

Medlemmer

  • Sigurd Sandvold, prodekan for strategiske satsinger FLKI – internasjonalisering, digitalisering og evo
  • Jens Kristian Fosse, prodekan for innovasjon FIN og førsteamanuensis på Mohn-senteret
  • Anne-Grethe Naustdal, prodekan for utdanning FHS
  • Gro Nesheim, administrasjonssjef FØS
  • Liv Reidun Grimstvedt, prorektor for samhandling
  • Svein Ove Eikenes, avdelingsleder AKS
  • Kristin Reiso Lawther, nestleder AKS
  • Jan Ove Henriksen, avdeling for økonomi og areal, virksomhetsstyring
  • Jonas Hagesæther Røthe, sitter i arbeidsutvalget på studenttinget

Mandat

Samhandlingsutvalet er eit rådgjevande organ for leiing og styret ved HVL og ein arena for å:

  1. fremme forslag til korleis høgskulen skal styrkje praksisnær utdanning og forsking og utviklingsarbeid (FoU) i klynge- og nettverkssamarbeid med det regionale samfunns- og arbeidsliv
  2. setje aktuelle tverrfakultære spørsmål på dagsorden
  3. foreslå institusjonelle tiltak for oppfølging knytt til utviklinga i sektoren både nasjonalt og internasjonalt
  4. fremme tiltak for å vidareutvikle gode relasjonar mellom HVL og andre institusjonar i sektoren
  5. fremme forslag til tiltak som vil synliggjere HVL som ein viktig aktør både nasjonalt og internasjonalt.
  6. fremme konkrete tiltak som kan styrkje aktivitetane ved HVL og samhandlinga med samfunns- og arbeidslivet
  7. komme med fortløpande forslag og innspel til prosessar som møter langsiktige kompetansebehov i samfunn- og arbeidsliv i nærregionane
  8. orientere om framdrift i eksisterande prosjekt og aktivitetar som utvalet ønsker å følgje opp, gi råd til linjeorganisasjonen og andre samhandlingsarenaer som har som formål å styrkje og samordne aktivitetar der HVL er involvert
  9. bidra til å styrkje krafta i kontakten med eksterne aktørar med strategisk betyding for utviklinga av HVL regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  10. utarbeide innspel til høyringar, strategiar og andre styrande dokumenter som er av tverrfakultær karakter
  11. nedsette komité og mandat til den årlege HVL-konferansen
  12. gje innspel til og følje opp HVL si samla avtaleportefølje