Språkdagen ved HVL

På Språkdagen set HVL søkelyset på aktuelle språkfaglege tema som er særskilt relevante for universitets- og høgskulesektoren.

På tampen av haustsemesteret kvart år går Språkdagen ved Høgskulen på Vestlandet av stabelen. Arrangementet er digitalt, slik at studentar og tilsette ved alle campusar, og andre interesserte, kan få med seg opplegget.

Arrangementsoversikt

Språkdagen 2025: det viktige fagspråket

I 2025 tar vi temperaturen på korleis stoda for norsk fagspråk er, to år etter at regjeringa gav ut handlingsplanen «Frå ord til handling».

Program

  • 12:00: Velkomen v/leiar for det Språkpolitiske utvalet ved Høgskulen på Vestlandet, Svein Ove Eikenes
  • 12:05-12:25: Innlegg ved Åse Wetås, direktør i Språkrådet
  • 12:25-12:28: Kort pause
  • 12:28-12:48: Innlegg ved Marita Kristiansen, forskar og leiar for Senter for norsk fagspråk ved Universitetet i Bergen
  • 12:50-13:00: Innlegg ved årets vinnar av språkprisen i HVL, høgskulelektor Hannah Belsvik Hansen, Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking.

Språkdagen 2024: akademisk språk og teknologi

Kva påverknad har kunstig intelligens på språket i akademia, og på evna vår til å lese, skrive og tenkje? KI gir både utfordringar og moglegheiter. Akademisk språk og teknologi var tema for språkdagen 2024.

Program

13:00–13:05 - Velkomen/innleiing ved prorektor for regional utvikling og leiar av det Språkpolitiske utvalet ved HVL, Geir Kåre Resaland

13:05–13:20 - Erik Bolstad, redaktør for snl.no (Store Norske Leksikon): KI og språk

13:20–13:23  Kort pause

13:23–13:33 -Gunhild Helene Austrheim, einingsleiar på Biblioteket ved HVL: Snakke, skrive, lytte, lese: chatbot, språk og akademisk handverk

13:33–13:43 - Petter Haugereid førsteamanuensis på fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) ved HVL campus Bergen: Teknologi og språk (Innlegget vil vere førehandsinnspelt) 

13:43–13:53 -Andrea Grutle, leiar for Studenttinget på Vestlandet: Studenten sin bruk av teknologi

13:53–14:00 - Avslutning og oppsummering

Språkdagen blir arrangert av språkpolitisk utval ved HVL

Språkdagen 2023: inkluderande språkbruk

Språkdagen 2023 handla om ulike perspektiv på inkluderande språkbruk i akademia.

Program

  • 14:00-14:03: Velkommen v/prorektor for nyskaping og regional utvikling, Geir Kåre Resaland.
  • 14:03-14:10: Kva er eit inkluderande språkmiljø? v/førstelektor ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap og medlem i språkpolitisk utval, Ingrid Gilje Heiberg.
  • 14:10-14:25: Å lære seg norsk som nytilsett ved HVL v/seniorrådgivar ved avdeling for forskning, internasjonalisering og innovasjon, Guillaume Frederic Lapeyre.
  • Å studere når norsk er andrespråket v/førsteamanuensis ved institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, Trude Bukve.
  • Samtale og innlegg med leiaren i Noregs Mållag, Peder Loftnes Hauge.
  • Oppsummering av dagen v/rektor Gunnar Yttri.

Språkdagen 2022

Program

  • Kvifor er HVL så oppteken av språk? Er det så nøye då? v/Arvid Hallén
  • Kva skjer med det norske språket? Tett på Styret i Språkrådet v/Eli Bjørhusdal og Hege Myklebust
  • HVL byggjer det nye Universitetet på Vestlandet med ein tydeleg arbeidslivsretta profil. Har det noko å seie for språket vårt? For kjerneverksemda vår?
    • Innlegg av Marita Kristensen, leiar av Fagrådet for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning, Språkrådet.
  • Er engelsk ein trussel – eller kva? Korleis få til den gode balansen?
    • Innlegg ved førsteamanuensis Ingjald Pilskog

Språkdagen 2021

27. mai 2021 vedtok Språkpolitisk utval å starte arbeidet med å arrangere ein årleg språkdag ved HVL. 1. desember same år gjekk den første språkdagen av stabelen.

Program

  • Velkomsthelsing v/leiar for språkpolitisk utval,
    Geir Kåre Resaland, og rektor Gunnar Yttri.
  • Sjukepleienorsk for fleirspråklege
    sjukepleiestudentar v/Ingrid Gilje Heiberg, førstelektor ved Institutt
    for helse- og omsorgsvitskap.
  • Nynorsk i lærarutdanninga: Von om betre
    tider? Ida Marie Jegteberg, tidlegare masterstudent
    ved HVL.
  • Nynorsk og språkleg mangfald v/Jens Kihl, kulturredaktør i BT.
  • Panelsamtale om norsk fagspråk med Rune Herheim (førsteamanuensis i
    matematikkdidaktikk og tidlegare
    språkprisvinnar), Ingrid Gilje Heiberg
    (førstelektor ved institutt for helse- og
    omsorgsvitskap og prosjektleiar for
    Sjukepleienorsk), Caroline Graave Nakling
    (Studenttinget og tidlegare
    barnehagelærarstudent) og Jelle Sebasian Bruin
    (Studenttinget og tidlegare
    maskiningenniørstudent)
  • Utdeling av språkprisen til årets vinnarar rådgivar Katrine Sele
    og førsteamanuensis Per Thorvaldsen
  • Avslutning