Stipendiat

Arnhild Melve

Arbeids- og kompetanseområde

Frå 1. april 2021 er eg tilsett i ei 4-årig stipendiatstilling ved campus Bergen. Stillinga er lagt til fagseksjon for samfunnsarbeid. Arbeidstida er fordelt mellom oppgåver ved seksjonen (25%) og arbeidet med eige Ph.d.-prosjekt/ forskarutdanning ved Ph.d.-programmet Helse, funksjon og deltaking (75%).

Frå bakgrunn som fysioterapeut, og med praksiserfaring frå HMS-og kvalitetsarbeid, arbeidsmiljøarbeid og førebygging og oppfølging av sjukefråvær, har eg med meg kunnskap om og interesse for korleis miljø- og samfunnsforhold verkar inn på helse og samfunnsdeltaking på individ- og gruppenivå. Eg har ein master i helse- og sosialfag frå programmet Meistring- og myndiggjering ved Høgskulen i Volda. Både som seksjonsmedarbeidar og Ph.d.-kandidat legg eg til grunn perspektiv herifrå om korleis samhandling og ulike strukturelle forhold verkar inn på føresetnader for å meistre og erfare sjølvstende i eige liv. Eg føretrekkjer kapasitetsbygging som norsk omsetjing av "empowerment", og ser individuell og kollektiv kapasitetsbygging som eit produkt av ressursmobilisering innanfrå og tilrettelegging utanfrå. Med denne tilnærminga er eg særleg oppteken av vilkår for psykisk helse, samarbeid mellom profesjonelle og mellom profesjonelle og tenestebrukarar, og samanhengar mellom helse, arbeid og sosialt tilhøyr.

Ph.d.-prosjektet mitt, med tittelen Jobbstøttande praksisar, har som hovudmål å utforske og vise fram institusjonelle vilkår for korleis involverte tenester arbeider med og samarbeider om den standardiserte oppfølgingsmetodikken Individuell jobbstøtte (IPS)

Underviser i

Studieåret 2021/2022 er eg engasjert i undervisnings- og rettleiingsoppgåver for førsteårsstudentar på master for samfunnsarbeid, primært i emnet MASA105, Risiko og marginalisering.

Forskar på

Tverrorganisatorisk og tverrprofesjonelt samarbeid

Samstyring av tenester for arbeidsinkludering

Individuell jobbstøtte (IPS)

Forskargrupper