Seniorrådgivar

Jan Erik Ølmheim

Arbeids- og kompetanseområde

Utdanna Lektor m/opprykk med master i IKT og læring frå 2022. Har jobba 8 år på mellomtrinnet på Slettebakken skole (2004 -2010) og Trudvang skule (2010 -2014). Har jobba som pedagogisk IKT-rådgjevar for Sogndal kommune i ulike stillingstorleikar i 4 år. Byrja som rådgjevar på Fakultet for lærarutdanning på Høgskulen i Sogn og Fjordane i 2016. Arbeidsområde då var retta mot auka digital kompetanse hjå fagtilsette og studentar, opplæring og administrator i læringsplattforma Fronter samt opplæring og bruk av Adobe Connect som vart nytta i nettundervisning. 

I dag er arbeidsområde mitt breiare, der eg jobbar med nettundervisning, utvikling av nye nettkurs samt at eg har vore med å produsere innhald, drifte og det siste året rettleia på HVL sin heildigitale PFDK-MOOC. Opplæring og bruk av digitale verktøy er fortsatt sentralt, der spesielt ZOOM har vore viktig dei seinaste åra. Masteroppgåva som var skriven inn mot IKT og læring handla om Nettundervisning og faktorar etter og vidareutdanningstudentar såg som viktige for å lukkast. 

Eg er ein av tre fakultetskontaktar inn mot Avdeling for læring og utvikling (ALU), men jobbar også strategisk inn mot Eining for regional utvikling (ERU) i fakultet FLKI.

Ansvarsområde: 

-  Superbrukar ZOOM

- Ressursgruppe for Samlingsbasert grunnskulelærarutdanning

- Ressursgruppe for Vestlandsklasse 5.semester i grunnskulelærarutdanninga. 

- Drift og rettleiing på PfDK-MOOC 

- Superbrukar GoReact, Canvas, Mentimeter og Padlet. 

- Prosjektleiar for innføring og implementering av  Kiosken.hvl.no 

Underviser i

Profesjonsfagleg digital undervisning 

(PFDK-MOOC)

(30 stp. Vestlandsklasse)

Forskar på

Digital undervisning - nettundervisning 

Vestlandsklassar