Stipendiat

Kjell Einar Barsnes

Arbeids- og kompetanseområde

Eg byrja i juni 2019 som stipendiat. Ph.d.-studien er éin sjølvstendig del av "Challenges of Participation" (CHAPAR), eit større forskingsprosjekt. Ph.d.-prosjektet utforskar sosiomaterielle aspekt ved deltaking i NAV. Spørmåla er korleis materielle kontekstar påverkar relasjonar, og korleis materiell kan henga saman med medverknad. Desse spørsmåla set både menneske i brukar- og tilsetterollar i ulike søkelys. 

Arbeidstittelen er "Sosiomaterielle vilkår for tenesteyting og deltaking i NAV."

Eg studerte mellom anna sosialantropologi, og er no del av fagseksjon for sosialt arbeid.

Underviser i

SAB120: Sosial arbeid som fag og profesjon
SAB130: Grunnlagskunnskap i sosialt arbeid
SAB220: Praktisk sosialt arbeid i velferdstenestene
BSV5-300: Bacheloroppgåve

Forskar på

Sosiomaterialitet kan famna fleirtydige og samanvevde felt av menneske, materiell og stadar. Rusoppfølging kjem til uttrykk som case gjennom studien, der brukarar og tilsette snakkar om sine opplevingar, erfaringar og meiningar. Måla er å analysera deltaking og relasjonar frå desse utgangspunkta.

Bakgrunn

Ph.d.-prosjektet har som ein premiss at det er naudsynt med meir kunnskap om korleis sosiomaterielle vilkår for deltaking er for menneske med rusutfordringar og samansette behov. NAV er ein stor og viktig institusjon der brukarmedverknad er sentralt, og fungerer difor som eit utgangspunkt i studien.

 

Om prosjektet

Prosjektet (2019-2023) nyttar kvalitative intervju for å svara på to forskingsspørsmål:

Korleis påverkar sosiomaterielle kontekstar i NAV brukarmedverknad for menneske med rusutfordringar?

Korleis påverkar sosiomaterielle kontekstar i NAV relasjonar mellom tilsette og brukarar?

 

 

Prosjektet sine mål:
 

  • Å skapa kunnskap om styrkar og veikskapar ved deltakingspraksisar i helse- og velferdstenester
  • Analysera empiri og utvikla teori gjennom datamateriale frå to NAV-kontor
  • Fremja samarbeid og kommunikasjon gjennom artiklar og anna formidling

Forskargrupper

Publikasjonar

  • Methodological challenges and opportunities in social work research and knowledge production together with professional practitioners and user groups with restricted autonomy: Sociomaterial conditions for participation in Norwegian labour and welfare services

    Barsnes, Kjell Einar (2021)
  • Betydning av sosiomaterielle betingelser for medvirkning. Sosiomaterielle vilkår for tenesteyting og deltaking i NAV: metodologi for å studera rusoppfølging ved to NAV-kontor.

    Barsnes, Kjell Einar, Seim, Sissel (2019)
  • Som ein far: ein analyse av disiplin og straff i tanzaniansk skule.

    Barsnes, Kjell Einar (2009)