
Oppvekst, rus og sosial marginalisering
Forskargruppa sitt overordna mål er å utvikle praksisrelevant kunnskap om oppvekst, rus og sosial marginalisering.
Det teoretiske og metodiske grunnlaget for arbeidet i forskingsgruppa er mangfaldig, med medlemmer som har bakgrunn frå psykologi, samfunnsvitskap, barnevern og sosialt arbeid. Sentralt i forskargruppa er korleis oppvekst, rusbruk og marginalisering inngår i ein sosial og kulturell samanheng, og deltakarane studerer ulike dimensjonar ved dette samspelet.
Forskargruppa er ein fagleg arena for å:
- utvikle og gjennomføre forskingsprosjekt på høgt vitskapleg nivå
- auke publiseringsaktiviteten til medlemmane
- auke graden av ekstern prosjektfinansiering
- bidra med forskingsbasert undervisning om oppvekst rus og sosial marginalisering på bachelor, master og ph.d. nivå
- skape møteplassar mellom praksisfelt, vitskapleg tilsette, stipendiatar og masterstudentar
- utvikle og delta i faglege nettverk med brukarar og praksisfelt og med andre regionale, nasjonale og internasjonale forskingsgrupper og forskingsmiljø
Pågåande forskningsprosjekt
- Styrking av fagleg skjønn i kommunalt barnevernsarbeid
- Sosiomaterielle vilkår for tenesteyting og deltaking i NAV
- Expert reports as basis for decisions in the child welfare services
- Barn og unge som har erfart å miste en foreldre med rusmiddelutfordringer - En utforsking av deres situasjon, erfaringer og hjelpebehov
Avslutta prosjekt
- Etterlatte ved narkotikarelatert død (END-prosjektet)
- Challenges of participation (CHAPAR)
- Frå alvorleg rusproblem til full deltaking i sosiale felleskap. Ein kvalitativ studie av langvarige recoveryprosessar
- Professional knowledge. Use of knowledge in professional conversations among social welfare officers, child welfare officers, and social educators