Førsteamanuensis

Mariann Iren Vigdal

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er utdanna sosionom frå Diakonhjemmets høgskole (1996). Cand. mag, vidareutdanning i behandling, rehabilitering og oppfølging av menneske med alvorlege psykiske lidingar (2002). Godkjenning som klinisk sosionom (2005). Vidareutdanning innan vald i nære relasjonar (2010). Yrkeserfaring som rusmiddelkonsulent i kommune, miljøterapeut/ sosionom ved ein DPS, rådgjevar i kriminalomsorga. Arbeidde som timelærar ved campus Sogndal i ni år før eg tok til som høgskulelærar i 2013. Har i hovudsak hatt emneansvar / undervisningsoppgåver på bachelorutdanninga i sosialt arbeid og undervisningsoppgåver ved vidareutdanningar innan rus og psykisk helsearbeid. Frå august 2015 utnemnt til verv som institusjonsansvarleg for skikkavurdering ved campus Førde og Sogndal. Høgskulelektor ved campus Sogndal med Master i samhandling innan helse og sosialtenester (2017). Frå mars 2018 vart eg tilsett i åremålsstilling som fagseksjonsleiar sosialt arbeid, campus Sogndal og Bergen/Institutt for velferd og deltaking/Fakultet for helse og sosialvitskap. Stipendiat frå 01.01.20-15.04.24 ved HVL sitt ph.d.-program, Helse, Funksjon og Deltaking. Doktorgradsprosjektet var eit underprosjekt av Stavangerstudien om rusmiddelavhengigheit og forløp (Stayerstudien). Avhandlinga har tittelen: Forteljingar om å bygge vennskap, nettverk og sosial tilhøyrsle. Ei kvalitativ studie av langvarige recoveryprosessar etter problematisk rusmiddelbruk. Føremålet  med doktorgradsprosjektet var å utvikle kunnskap om korleis personar i langvarig recovery  har erfart sosiale endringsprosessar med å bygge vennskap, nettverk og sosial tilhøyrsle. 



Underviser i
  • Recovery etter problematisk rusmiddelbruk, samfunnsarbeid, motiverande intervju, modellar i sosialt arbeid, kommunikasjon og relasjon, vald og overgrep

Forskar på

Korleis personar i langvarig recovery frå alvorleg rusproblem erfarer den sosiale endringsprosessen


Forskargrupper
Underviser i
  • PS1-300, Fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid og rusproblematikk, Høst 2024, emneansvarlig
  • SAB220, Anvendt sosialt arbeid i velferdstenestene, Høst 2024
  • SAB310, Samfunnsarbeid, Høst 2024, emneansvarlig
  • SAB390, Bacheloroppgåve, Vår 2025
  • TPHR501, Perspektiv på psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengigheit, Høst 2024
  • TPHR502, Forebygging, behandling og omsorg, Vår 2025, emneansvarlig

Publikasjonar

Vis alle
Laster...