Hopp til innhald

TPHR590 Masteroppgåve

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studentane utføre eit sjølvstendig forskingsarbeid med relevans for fagfeltet psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid. Masteroppgåva kan utgjere innsamling av eit eige empirisk materiale, eller bruk av på førehand innsamla data. Arbeidet med masteroppgåva skal kvalifisere studenten for forskings- og utviklingsarbeid. Masteroppgåva (inkl. prosjektplan) kan utførast individuelt eller som eit samarbeidsprosjekt mellom to studentar.

Masteroppgåva vere eit forskingsprosjekt der formålet er å:

  • tilføre ny kunnskap til fagfeltet psykisk helse-, og rus- og avhengigheitsarbeid gjennom å utforske eit fenomen, evaluere eit tiltak, eit program, ein arbeidsmetode eller liknande, eller
  • forbetre kvaliteten og/eller implementere beste praksis på ulike måtar i ein organisasjon, ei avdeling eller ei eining, eller
  • oppsummere og bearbeide eksisterande kunnskap for å skaffe ei betre forståing av eit avgrensa tema og skape retning for framtidig forsking og praksis.

I prosjektplanen skal studenten velje eit tema for fordjuping og ei problemstilling for masteroppgåva som er relevant for fagområdet, og som er i tråd med emneplanen for masteroppgåva. Prosjektplan inngår som eit obligatorisk læringsaktivitet i masteremnet, og den må vere godkjend før studenten startar på sjølve masteroppgåva

Masteroppgåva skal skrivast i tråd med  Rettleiar for masteroppgåva ved fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS) - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no). Før arbeidet med masteroppgåva tar til skal student(ane) og rettleiar(e) utarbeide og underskrive ei rettleiingsavtale i tråd med HVL sine retningslinjer. Student(ane) fyller ut rettleiingsavtala og sender denne til rettleiar så tidleg som mogleg etter at tema og metode for masteroppgåva er valt. Student(ane), rettleiar, eventuelle medrettleiarar og emneansvarleg skal signere avtalen.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten...

  • har avansert kunnskap om fagfeltet psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid sitt vitskapsteoretiske, teoretiske og metodiske grunnlag, og kan nytte desse innanfor fagområdet
  • har inngående kunnskap om kvalitetsvurdering av forsking
  • har inngående kunnskap om ulike forskings- og analysemetodar
  • har spesialisert innsikt i det temaet masteroppgåva handler om

Ferdigheiter: Studenten...

  • kan vurdere kva som er tenleg design, datainnsamlingsmetode og analysemetode utifrå valt problemstilling
  • kan bruke relevante metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendeg måte
  • kan formidle eiga og andre si forsking presist og tydeleg
  • kan gi konstruktive innspel i eigen og andre sine forskingsprosessar
  • kan reflektere over og ta omsyn til forskingsetiske problemstillingar knytt til forsking på sårbare grupper

Generell kompetanse: Studenten...

  • kan planlegge, gjennomføre og dokumentere eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og gjeldande krav til personvern
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet aktuell forsking, kritisk vurdere kjeldene og bidra til nytenking, gjennomføring av og bruk av forsking i praktisk virke

Krav til forkunnskapar

For å kunne levere masteroppgåva må emna TPHR501, TPHR502, TPHR503 og TPHR504 vere bestått, samt at obligatoriske læringsaktivitetar i emnet MAMET1PHR må vere godkjent.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er samlingsbasert og kombinerer digital og fysisk undervisning.

I masteremnet arbeider studenten sjølvstendig med ein tematikk innanfor psykisk helse-, rusmiddel-, og avhengigheitsarbeid. Det blir nytta varierte læringsformer som studentpresentasjon, individuell rettleiing, rettleiing i gruppe og seminar, ressursførelesningar med fordjuping i særskilte tema og sjølvstudium.

Studenten skal lage ein detaljert og konkret plan for gjennomføringa av masterprosjektet. Prosjektplanen skal vere på inntil 2000 ord (eksklusiv referansar), og innehalde følgjande:

  • Tittel på masteroppgåva
  • Bakgrunn som inneheldt avklaring av sentrale omgrep, aktuell forsking og evt. teori
  • Problemstilling
  • Metode
  • Tidsplan
  • Referanseliste

Prosjektplanen skal godkjennast av rettleiar før arbeidet med masteroppgåva tar til.

Rettleiar blir tildelt etter at studentane har valt emne for masteroppgåva og er komen i gang med utforming av prosjektplanen. Student(ane) kan få inntil 15 timar rettleiing (individuelt, i gruppe, eller på seminar) i forbindelse med masteroppgåve (inkl. 3 timar til prosjektplan). Studenten må sende/levere skriftleg materiale til rettleiar seinast to døgn før avtalte møter.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjende før studentane kan levere masteroppgåva:

  1. Prosjektplan for masteroppgåve på inntil 2000 ord (eksklusiv referansar) i tråd med Rettleiar for Masteroppgåve ved FHS rettleiar-for-masteroppgava2.pdf (hvl.no) Deltaking på seminar knytt til prosjektplan.
  1. Deltaking på seminar med presentasjon av eige arbeid knytt til masteroppgåva i relevant fagmiljø.
  1. Gjennomføre minimum fem timar med rettleiing. Ein av desse timane skal være siste rettleiingstime før innlevering av masteroppgåva.

Vurderingsform

Masteroppgåve

Masteroppgåva gjennomførast individuelt eller som eit samarbeidsprosjekt mellom to studentar, og kan skrivast på eit skandinavisk språk eller på engelsk etter avtale med rettleiar.

Studentane kan velje ulike alternativ når det gjeldt forma på masteroppgåva. Dei vanlegaste formane er monografi og artikkel med kappe (utdjuping):

Alternativ 1: Monografi med eit omfang på 15.000 ord +/- 10 %. Tittelside, innhaldsliste, referanseliste og eventuelle vedlegg kommer i tillegg.

Alternativ 2: Vitskapeleg artikkel som følgjer forfattarrettleiing og tilfredsstiller kvalitetskrava til eit fagfellevurdert nasjonalt eller internasjonalt tidsskrift: Kappe (utdjuping) på inntil 7500 ord +/- 10%, samt artikkel som svarer til tidsskriftet sine retningslinjer (3500-7000 ord).

Sjølvvalt litteratur på 3000-4000 sider inngår i referanselista i masteroppgåva. Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen Ved ikkje bestått (karakter F) leverer studenten bearbeidd, skriftleg utgåve til ny eksamen i påfølgande semester.

Det er ikkje tilgang til å levere ny eller revidert masteroppgåve ved bestått resultat.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler er tillatt. For mer informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) se Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Meir om hjelpemiddel