Arbeids- og kompetanseområde
Eg er utdanna sosiolog frå Universitet i Oslo, og byrja å jobbe som høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i 2005. Mitt lærings- og kunnskapssyn er forankra i konstruktivistiske perspektiv. Eg har særskilt undervist i sosiologiske perspektiv, kvalitativ metode og i ulike tema knytt til rusproblematikk i profesjonsutdanningane barnevern, sosialt arbeid og vernepleie, og i vidareutdanninga i rusproblematikk.
I perioden 2007-2012 var eg stipendiat, før eg kom tilbake i fagstilling som høgskulelektor ved sosialt arbeid. Doktorgradsarbeidet mitt handlar om bruk av ulovlege rusmidlar i ein norsk tettstad, og utforskar rusmiddelbruk som sosialt og kulturelt situert fenomen. Avhandlinga (under arbeid) byggjer på ei kvalitativ og fortolkande tilnærming der eg ved bruk av interaksjonistiske perspektiv, Erving Goffman sin dramaturgiske sosiologi og narrative perspektiv, analyserer fram korleis rusbrukarar framstiller og skapar meining til rusmiddelbruk i intervju.
Frå 2022 har eg vore fagseksjonsleiar ved barnevernspedagogutdanninga i Sogndal, og har ansvar for at både tilsette og studentar har eit godt og stimulerande arbeids- og fagmiljø ved barnevernspedagogutdanninga. I rolla som fagseksjonsleiar har eg òg ansvar for den bufdir-finansierte vidareutdanninga "Vurdering av barnets beste" ved campus Bergen. I tillegg er eg prosjektleiar for Mentorordninga Nattergalen og medlem i the Nightingale network og styre, har ansvar for praksistilskotet knytt til barnevern og sosialt arbeid, og deltek i Ut-i-verda-prosjektet som leiar for ei av arbeidspakkene som skal jobbe fram ein kultur for internasjonalisering. Eg er medlem i Campusmøte i Sogndal der eg representerer fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS).
Eg er spesielt opptatt av fagleg dialog og formidling, både i og utafor den tradisjonelle akademiske konteksten. Sidan 2021 har eg bidrege i "faglunch" i Høgskulebiblioteket med å samtale med fagtilsette i Høgskulen om deira nyaste publikasjonar.
Kontoret mitt er i Foss-bygget i Sogndal.