Fagseksjonsleiar barnevern

Marita Brekke Skjelvan

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er utdanna barnevernspedagog frå høgskulen i Sogn og Fjordane. Har mastergrad i barnevern frå Universitetet i Bergen. Yrkeserfaring som miljøterapeut på barneverninstitusjon og ulike oppdrag frå barnevernstenesta, som til dømes tilsynsførar og besøksheim. Frå august 2014 har eg arbeidd som høgskulelektor og praksisansvarleg på barnevernsutdanninga. Der har eg hatt arbeidsoppgåver knytt til praksis på utdanningane barnevern og sosialt arbeid, og undervisningsoppgåver knytt til dette.

Frå januar 2018 har eg åremålsstilling i 75 % som fagseksjonsleiar på barnevern, campus Sogndal, og 25 % stilling som høgskulelektor.