Førsteamanuensis

Kristine Flacké Haualand

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er meteorolog med fokus på bre og fjell. I forskinga mi likar eg både feltarbeid og modellering.

Med vêr- og klimamodellar testar eg korleis bresmeltinga påverkar lokalt vêr og regionalt klima. For å sjå om modellen er realistisk, samanliknar eg simuleringane med vêrmålingar frå til dømes vêrstasjonen vår på Nigardsbreen, ein brearm frå Jostedalsbreen, som ligg lett tilgjengeleg frå campusen vår i Sogndal.

I tillegg til områda rundt Jostedalsbreen, er eg involvert i forsking og/eller feltarbeid i Jotunheimen, Grønland, Jan Mayen, Svalbard, dei europeiske Alpane og Finland. Elles er eg med i tverrfaglege prosjekt innan mellom anna glasiologi og naturfare.

Tidlegare har eg forska på utvikling av lågtrykk med fokus på korleis intensiteten og strukturen til lågtrykka blir påverka av prosessar som skydanning og varmetransport mellom havet og atmosfæren.

Eg har bakgrunn i geofysikk, matematikk og fysikk. Eg underviser i emne knytt til vêr og klima, naturfare, fysikk, matematikk og programmering.

Underviser i
  • GE483, Climate Change, Vår 2027
  • GE488, Natural Hazards, Vår 2027
  • GE491, Bacheloroppgåve i geologi, Vår 2027
Forskargrupper
Forskningsgrupper

Publikasjonar

Vis alle
Laster...