Arbeids- og kompetanseområde
Eg arbeidar som organisasjonskonsulent for studentdemokratiet. Hovudkontoret mitt er på campus Stord, og eg reisar ofte til Haugesund då begge desse campusa ligg under ansvaret mitt.
Eg har fleire kollegaer med samme stilling som meg, som sit i Bergen og Sogdnal. Dei har ansvar for resterande campus under Høgskulen på Vestlandet.
Våre oppgåver er å rådgi, rettleia og generelt bistå arbeidsutvalet for Studenttinget på Vestlandet (STVL). Studentane i arbeidsutvalet er frikjøpt frå studia sine for å arbeide med studentpolitikken. Dei er lokalisert på alle fem campus.
Saman med arbeidsutvalet bistår me studentråda ved HVL, både på campus- og fakultetsnivå. Me skal vera ein organisatorisk støtte for heile studentdemokratiet ved HVL.
Studentorganisasjonar og linjeforeiningar bistår me også me, saman med studentsamskipnaden Sammen.
Om du har spørsmål eller innspel til STVL, ta kontakt via studenttinget@hvl.no eller gå innpå nettsida vår www.STVL.no