Arbeids- og kompetanseområde
Eg er økolog. Mine favorittorganismar er blåbær, humler og hjort. Mitt mål er å forstå den levande naturen så godt som råd og korleis vi best kan forvalte den i vår menneskedominerte verden.
Eg ønskjer å motivere og inspirere studentane mine til å like økologi, og at vi saman kan finne gode løysingar for korleis vi som menneske kan leva i og med naturen og ta vare på det biologiske mangfaldet. Eg er ein typisk feltøkolog som er mykje ute, men som også likar å undervise, analysera og skriva.
Nokre av mine forskingstema:
- Arealbruk og naturtap, spesielt om påverknad frå skogbruk og infrastruktur på vilt, insekt og planter
- Klimaendringar sine effektar på økosystema
- Pollinering og samspelet mellom insekt (t.d. humler) og ville plantar eller frukt- og bærplanter
- Beiteøkologi: hjort og insekt sin påverknad på blåbærplanter (inkl. planteforsvar) og vegetasjon i skog
- Hjort og viltbiologi: økologi, hjortepåkøyrsler og arealbrukskonfliktar
Eg er engasjert i miljøspørsmål, og prøver å vera ein aktiv samfunnsdebattant og fagleg formidlar i media. Sjekk bloggen vår på forskning.no: Vill vest. Eg har vore aktiv i å utvikle vitensenteret ViteMeir som du finn på Kaupangerskogen i Sogn, og eg er no prosjektleiar for samarbeidsprosjektet som HVL har med ViteMeir. Dessutan er eg styreleiar i Stiftelsen Norsk Hjortesenter, ein organisasjon eg har vore knytt til i over 20 år.
På HVL er eg forskingsgruppeleiar for LØK: Landskap, økologi og klima.
Du finn mine publikasjonar nedst på sida, i forskarprofilen til høgre eller på Research Gate.
Fun fact om meg: Hadde årets vekeord i Nytt på nytt på NRK i 2021: Kompisplante (som du kan lese om i Vill vest-bloggen)
Underviser i
- Climate Change Ecology (M.Sc)
- Landskapsøkologi (B.Sc.)
- Økologi grunnkurs (B.Sc.)
Forskar på
- Arealtap og areabrukskonfliktar
- Pollineringsøkologi
- Beiteøkologi
- Klimaøkologi
Forskargrupper o.l.
Publikasjonar
-
Pollen limitation of Vaccinium myrtillus along an elevational gradient
-
Spruce vs. pine did not impact soil organic carbon density but strongly affected a functionally important dwarf shrub in a boreal production forest system
-
Kartlegging av myr og torvdybder i Volamyri og Skårdalen i Indre Sogn.
-
Herbivory resistance in dwarf shrubs combines with simulated warming to shift phenology and decrease reproduction
-
Karbon i kretsløpet: karbonets rolle i økosystemet (inkludert folk og klima)