Samarbeidet mellom HVL og ViteMeir

Ønsker du å nytte vitensenteret i di undervisning? HVL har ein gunstig bruksavtale med ViteMeir. På denne sida har vi samla informasjon om korleis du kan nytte senteret og om HVL-ViteMeir samarbeidet.

Eg ønsker å bruke ViteMeir til undervisning:

Så flott! Vi har laga bruksavtale med ViteMeir:

  • for undervisning og forsking skal ikkje studentar og tilsette ved HVL betale inngangsbillett for å bruke senteret. 
  • alle besøk må bestillast og avpassast programmet på ViteMeir på førehand

Kan studentar få oppleve praksissituasjonar på ViteMeir? 

Ja! ViteMeir har dagleg besøk av elevar frå barnehage til ungdomsskule frå heile Sogn og Fjordane. Etter avtale med formidlingsleiar ved ViteMeir kan studentar:

  • delta i observasjon av læringsopplegg / observasjon av utstillinga
  • delta som assistentar eller leie læringsopplegg
  • utvikle eigne læringsopplegg til bruk på ViteMeir

Her kan du sjå kva læringsopplegg som er tilgjengelege på ViteMeir: https://bestilling.vitemeir.no/booking/1/4

Eg vil bruke vitensenteret til faglege arragement / seminar eller teambuilding.

ViteMeir er ein spennande stad å ha faglege arrangement!

Bestilling og kontaktpersonar ved ViteMeir:

All bestilling skjer gjennom å ta kontakt med sals- og bookingansvarleg Heidi Breili Bøthun.

Informasjon ViteMeir treng i bestillinga:

  • tidsrom for besøket
  • kor mange er de
  • ønsker du å booke klasserom eller møterom 
  • ønsker du å bestille mat frå SmakeMeir

Dersom du ønsker å bruke formidlere ved ViteMeir tek du kontakt med formidlingsleiar Åse Neraas for å avtale opplegg og pris.

ViteMeir_1.jpg ViteMeir_3.jpg
Heidi Breili Bøthun
Sals- og bookingansvarleg
hbb@vitemeir.no
+47 970 99 452
Åse Neraas
Formidlingsleiar
aan@vitemeir.no
+47 917 64 903

 

Transport:

Fagmiljøa ordnar sjølv transport og mat slik det er vanleg med andre ekskursjonar og fagarrangement.

Det er ein kafé på senteret, SmakeMeir, om studentane ønsker å kjøpe mat på kaféen er det flott at ein gjer beskjed om dette til ViteMeir slik at dei er førebudd på dette.

Kven på HVL kan eg snakke med om ViteMeir? 

Stein Joar Hegland er prosjektleiar for HVL-ViteMeir prosjektet og Kristin Myhra Sæterdal (FIN) og Hege Stein (FLKI) er vitensenterkoordinater. Vi er gjerne med på å drøfte opplegg på senteret.

Vi inviterer med ujavne mellomrom til ein lunsj på HVL for dei som har ei interesse i å nytte ViteMeir i undervisning og forskning. Ta kontakt med prosjektleiar om du har lyst til å bli med oss på lunsj. 

 

På denne sida har vi samla meir informasjon om samarbeidet mellom HVL og ViteMeir, frå oppstarten av utviklinga av senteret til korleis vi samarbeider i dag og dei positivie effektane samarbeidet har for HVL

Fagmiljø på HVL som forskar og undervisar i idrett og fysisk aktivitet, geologi, fornybar energi, økologi og berekraft, matematikk i lærarutdanninga mfl. har satt sin tydeleg spor gjennom både installasjonar og læringsprogram på senteret. På denne sida har vi samla informasjon delar av utstillinga på ViteMeir som desse fagmiljøa har bidrege til.

 

 


bilde av Stein Joar Hegland

Stein Joar Hegland

Prosjektleiar HVL-ViteMeir prosjektet

bilde av Kristin Myhra Sæterdal

Kristin Myhra Sæterdal

FIN-koordinator HVL-Vitemeir prosjektet

bilde av Hege Stein

Hege Stein

FLKI-koordinator HVL-Vitemeir prosjektet