Utstillinga på ViteMeir

På denne sida kan du lese meir om utstillinga på ViteMeir og korleis du kan nytte den i undervisning med dine studentar

Fagmiljø som forskar og undervisar i idrett og fysisk aktivitet, geologi, fornybar energi, økologi og berekraft, matematikk i lærarutdanninga mfl. har satt sin tydeleg spor gjennom både installasjonar og læringsprogram på senteret.

Her er informasjon om nokre av installasjonane som HVL har vore med på å utforma. For ei større oversikt over utstillinga på ViteMeir kan du sjekke ut nettsida deira https://www.vitemeir.no/opplev

Fysisk aktiv læring i ballrommet 

Ballrommet på ViteMeir er utvikla i samarbeid med SEFAL - senter for fysisk aktiv læring på HVL. Her er eit område som inviterer til læring i fysisk aktivitet både med høg og låg intensitet. Rommet er installert med den interaktive "ballveggen" Lü - interactive playground. Ballveggen har ein projektor og eit kamera som fangar opp "treff" på veggen når den er i gang. Ballveggen inneheld ei rekke spel, læringsspel og quiz. Her kan HVL-tilsette lage eigen quiz for sine studentar.  I tillegg til den interaktive ballveggen kan ein og nytte merka på golvet i rommet til matte-spel.

Fagleg ansvarleg for ballrommet: Hege Stein.

Sjå denne sida for korleis du kan legge inn eige innhald på ballveggen:

1_ballrom_IMG_2578 kopi.jpg

Sophus Lie Universet 

“Uten Phantasi blir man aldrig Mathematikere”

Sophus Lie

 

skreiv matematikaren Sophus Lie til Bjørnstjerne Bjørnson. Med dette sitatet og Sophus Lie sin leikande tilnærming til matematikk som rettesnor, ønsker vi å invitere gjestene til å bruke fantasien sin til å leite etter matematiske samanhengar. Som ein del av prosjektet RekneMeir har vi utforma ein del av utstillingsarealet til ViteMeir som ein læringsarena for utforskande matematikkundervisning. Matematikkrommet, Sophus Lie – Universet, er utforma for å være ein arena for leikende læring for både fritidsgjester og for skuleklasser som deltar i formidlarstyrte læringsopplegg. 

Prosjektleiar RekneMeir: Kristin Myhra Sæterdal 

ViteMeir_59.JPG

Vasskraftinstallasjon

Vasskraftinstallasjonen ved ViteMeir er utvikla for at barn i aldersgruppa 5-12 år skal læra om vasskraft gjennom leik med vatn. I installasjonen kan barna blant anna styre vatne gjennom vasskretsløpet og vidare gjennom kraftverket kor den kinetiske energien i vatnet blir omdanna til elektrisk energi. I utforminga av det faglege grunnlaget har vi lagt vekt på læring knytt til vasskretsløpet som naturressurs og korleis teknologisk utvikling bidrar til at samfunnet kan utnytte naturressursane. 

Ønsker du å bruke vasskraftinstallasjonen i undervisninga din? Her finner du meir informasjon: https://hvlopen.brage.unit.no/hvlopen-xmlui/handle/11250/2982810 

Fagleg ansvarleg for vannkraftinstallasjon: Kristin Myhra Sæterdal 

ViteMeir_70.JPG

Geoveggen

«Geoveggen» består av eit omlag 4,5x3,5m myldrebilete som prydar nokre store skyvedører framfor VR-rommet i tredje etasje på ViteMeir («fjelletasjen»). Biletet viser eit skjematisk Vestlandslandskap, med over femti ulike geologiske fenomen teikna inn som byggjer opp dette landskapet, frå bergarten gneis i djupna til permafrost på dei høgaste tindane. Biletet skal invitera til undring og oppdaging, til samtalar om naturen rundt oss, og til å kunna setja ord og namn på fenomen som me kjenner til frå våre eigne turar i nærområdet. Biletet inneheld også ein teikneserie som viser Noreg si vandring gjennom dei siste 430 millionar år frå tropiske strøk til der det ligg i dag, og samanfattar dermed noko av innhaldet i Sognefjordfilmen, som kan sjåast på VR-rommet.

Fagleg ansvarleg for geoveggen: Deta Gasser

geoskap1.png geoskap2.png

Venstre: lite utsnitt frå myldrebildet. Høgre: studentar frå studieprogrammet Landskapsplanlegging og landskapsarkitektur nytter geoveggen til små faglege foredrag

Sognefjordfilmen på VR-rommet

Landskapet rundt oss er på ingen måte evig, og er i stadig forandring. Historia til Sognefjorden, ein av dei lengste og djupaste fjordane i verda, går heile 430 millionar år tilbake i tid, då to store kontinent kolliderte og berggrunnen i indre Sogn var del av ei enorm fjellkjede. Nedbrytninga av fjellkjeda førte til avsetninga av tjukke sandsteinslag, som i dag kan sjåast i munningen av Sognefjorden. Store elvar frakta sand og grus ut mot vest, og elvedalane var grunnlaget for fjorden som seinare vart grave ut av brear i løpet av mange istider. Sognefjordfilmen som blir vist på eit nesten 360-graders lerret i VR-rommet tek oss med på ei reise både langs fjorden og tilbake i tid, og avsluttar med eit blikk i framtida.

Fagleg ansvarleg for Sognefjordfilmen: Deta Gasser og Stein Bondevik

 

 

Mineral i kvardagen

Visste du at kvar nordmann brukar om lag 15 tonn mineral kvart år? Og visste du at viss eit råstoff ikkje kan dyrkast, så må det hentast ut av ei gruve? Dei aller fleste gjenstandane me bruker til dagleg, frå kaffikoppen til tannpastaen og mobiltelefonen, inneheld ei rekkje grunnstoff som kjem frå mineral. Ei lita utstilling i tredje etasje på ViteMeir viser 10 ulike mineral og tilhøyrande gjenstandar frå kvardagen, som viser at mineral ikkje berre er vakkert, men også svært nyttige!

Fagansvarleg for mineral-utstillinga: Deta Gasser 

mineral i kvardagen.png


bilde av Stein Joar Hegland

Stein Joar Hegland

Prosjektleiar HVL-ViteMeir prosjektet

bilde av Kristin Myhra Sæterdal

Kristin Myhra Sæterdal

FIN-koordinator HVL-Vitemeir prosjektet

bilde av Hege Stein

Hege Stein

FLKI-koordinator HVL-Vitemeir prosjektet