Senter for fysisk aktiv læring
SEFAL arbeider i eit likeverdig partnerskap med skular for å vidareutvikle fysisk aktiv læring som undervisningsmetode i grunnskulen. Gjennom partnerskapet har vi som mål om å skape ein skulekvardag med meir aktiv, variert og praktisk retta undervisning.
Vidareutdanning
SEFAL sin kjernekomponent er vidareutdanninga innan fysisk aktiv læring (FAL) til lærarar. Dette er ei praksisnær utdanning på nett som er kollega-basert. Arbeidsmåtane er sentrerte rundt planlegging av undervisningsøkter, gjennomføring, refleksjon, eigenvurdering, kollegavurdering og rettleiing.
Utdanninga gir 15 studiepoeng på masternivå.
Skuleåret 2019/2020 er 25 skular og 250 lærarar frå Rogaland og Østfold med på vidareutdanninga.