HVL-ViteMeir historia

På denne sida har vi samla meir informasjon om samarbeidet mellom HVL og ViteMeir, frå oppstarten av utviklinga av senteret til korleis vi samarbeider i dag og dei positivie effektane samarbeidet har for HVL

HVL og ViteMeir

Høgskulen har vore med å utvikle vitensenteret ViteMeir heilt frå starten av i 2016. HVL har på denne måten fått vera med å forme fagleg profil som viser att i utforming av utstilling og bygg, og konkret innhald i form av installasjonar og læringsprogram som er synleg i senteret etter oppstarten i 2021. Dette tette samarbeidet frå dag 1 har gjort at mange av HVL sine fagfelt viser att i ViteMeir, og at senteret er relevant for våre fagmiljø.

Idegrunnlaget som basis for fagleg utvikling

Vitensenteret fekk hjelp av HVL til å utvikle sin faglege profil som skulle gi ei retning for korleis innhaldet i senteret skulle utvikla seg. HVL sin prosjektleiar, Stein Joar Hegland, leia arbeidet med å samle idear om fagleg profil og konkret innhald. Bærekraftig utvikling, med eit klart miljøfokus, blei grunnlaget for vidare fagleg utvikling. Naturen rundt oss her i vest frå 1303 meter under havet til 2469 meter over havet er eit rammeverk for heile utstillinga saman med namnet ViteMeir som kjem frå dette idegrunnlaget. Slagordet i denne utviklingsfasen var REINT som stod for dei tematiske satsingsfelta ressursar, energi, idémyldring, natur og teknologi.

at nerdane blir rocke2.JPG

Mange fagmiljø i regionen bidrog til innhaldet i idegrunnlaget som vidare vart nytta av arkitektar, utstillingsdesignere og formidlarane på ViteMeir til å skape det senteret som du finn på Kaupangerskogen i dag. Klikk her om du vil lese idegrunnlaget.

 

Korleis samarbeider vi i dag?

HVL har eit eige institusjonelt samarbeidsprosjekt med ViteMeir som ligg under prorektor for regional utvikling. Stein Joar Hegland er prosjektleiar og har med seg vitensenterkoordinatorane Kristin Myhra Sæterdal (FIN) og Hege Stein (FLKI) som begge jobbar i 20%-stillingar i prosjektet.

Prosjektet sitt formål er å sikre at våre fagmiljø bidreg vidare i utviklinga av det faglege innhaldet på ViteMeir, og at ViteMeir er relevant å bruke i utdanning og forsking. Samarbeidet er tufta på ein samarbeidsavtale med ein eigen underavtale som regulerer bruk.

Samarbeidet mellom HVL og ViteMeir er samla sett ei svært godt eksempel på eit samspelsprosjekt der begge partar nyter godt av kvarandre. Ressursbruken til HVL blir brukt på eigne tilsette, og ikkje på kjøp av tenester, noko som gir fagleg utvikling både for HVL og ViteMeir. Fordelane vi får gjennom bruksavtalen, som sikrar oss gratis tilgang til eit vitensenter, har stor verdi både i kroner og øre, og utviklingsmoglegheiter

Positive effektar for HVL av samarbeidet

Utviklinga av ViteMeir har vore eit samarbeidsprosjekt mellom fleire aktørar innan næringsliv og kunnskapsbransjen, der HVL har spelt ei sentral rolle. Dette har hatt gitt fleire positive effektar for HVL.

Den faglege profilen til ViteMeir reflekterer ei breidde av aktivitetane ved HVL.

Fagmiljø som forskar og undervisar i idrett og fysisk aktivitet, geologi, fornybar energi, økologi og berekraft, matematikk i lærarutdanninga mfl. har satt sin tydeleg spor gjennom både installasjonar og læringsprogram på senteret.

Samarbeidet gir HVL-tilsette sjansen til å jobbe meir aktivt med formidling.

ViteMeir er også ein ny kanal for å nå ut til heilt andre målgrupper enn gjennom tradisjonell skriftleg formidling; her kan ein vekke interessa hos barn og unge for kunnskap om det vi ved HVL driv med.

HVL vert gjennom samarbeidet synleg som ein sentral utviklingsaktør i regionen, og vi får vist dette fram for mange ulike aktørar i nærings- og samfunnsliv. Ein del av desse aktørane er det potensial for å utvikle relasjonar til gjennom utdannings- eller forskingssamarbeid.

ViteMeir er ein arena der vi treffer ulike aktørar

Innan skule, næringsliv og kunnskapsbransjar. I tillegg gir det også moglegheit til å treffast innan HVL på tvers av dei vanlege grensene innan fag og organisasjon, m.a. samarbeider miljø i FIN og FLKI no tettare enn før. At studentgrupper og tilsette som vil besøke senteret i samband med undervisning, studentoppgåver og forsking vil kunne få gratis bruk av senteret i perioden for noverande samarbeidsavtale (til 2024). ViteMeir har kompetent personell som dagleg jobbar med formidling, og sidan fleire av dei tilsette har jobba ved HVL så flyter samarbeidet godt, og moglegheitene for våre tilsette til å kunne lære og utvikle seg er difor stor.


bilde av Stein Joar Hegland

Stein Joar Hegland

Prosjektleiar HVL-ViteMeir prosjektet

bilde av Kristin Myhra Sæterdal

Kristin Myhra Sæterdal

FIN-koordinator HVL-Vitemeir prosjektet

bilde av Hege Stein

Hege Stein

FLKI-koordinator HVL-Vitemeir prosjektet