Arbeids- og kompetanseområde
Som fagleiar for brukarretta tenester har eg eit ansvar for å sikre effektiv drift og utvikling av AV-system, innkjøp, lisensar og førstelinjestøtte på tvers av organisasjonen. Eg jobbar med å sikre at naudsynt teknologi og støtte er tilgjengeleg for undervisning, møteverksemd og generell IT-bruk, med fokus på å forenkle og effektivisere tenestene våre.
Ein viktig del av rolla mi er å koordinere ressursane våre på tvers av campus, slik at vi alltid kan tilby rask og god brukarstøtte. Eg arbeider kontinuerleg med å forbetre måten vi leverer desse tenestene på.
Hovudområder:
-
AV-system: Ansvar for teknisk utstyr i undervisningsrom og møterom, samt streaming- og opptaksløysingar som Zoom.
-
Innkjøp: Handtering av innkjøp av AV-utstyr, IT-utstyr til nye medarbeidarar og generelle lisenser.
-
Førstelinjestøtte: Overordna ansvar for fysisk IT-hjelp på alle campus, telefonstøtte for generelle IT- og AV-utfordringar, samt sakssystemet for IT-henvendelser.
-
Koordinering og ressursstyring: Prioritering og koordinering av faglege ressursar på tvers av campus for å sikre effektiv drift.
-
Utvikling og forbetring: Arbeid med forenkling og forbetring av tenesteleveransar