Tidsbruk på dokumentasjon og rapporteringsarbeid hjå pleiepersonell i eit helseføretak i eit 10-års perspektiv
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Grunnforskning
Prosjektperiode
Februar 2020 - Juli 2021
Prosjektsamandrag
Tidsbruk på dokumentasjon og rapporteringsarbeid hjå pleiepersonell ved fire indremedisinske sengepostar i Helse Førde (LSH, NSH og FSS) vart kartlagt i 2007, og gjentatt i 2017.
Kartleggingane er gjennomført fem år før og fem år etter samhandlingsreforma. Vi ser i dag eit helsevesen der bl.a. samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta i aukande grad har blitt digitalisert. I denne studien vil ein finne ut om denne og andre endringar har ført til eit helsevesen som jobbar meir effektivt med dokumentasjon og rapporteringsarbeid.