Tidsbruk på dokumentasjon og rapporteringsarbeid hjå pleiepersonell i eit helseføretak i eit 10-års perspektiv
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Grunnforskning
Prosjektperiode
Februar 2020 - Juli 2021
Prosjektsamandrag
Tidsbruk på dokumentasjon og rapporteringsarbeid hjå pleiepersonell ved fire indremedisinske sengepostar i Helse Førde (LSH, NSH og FSS) vart kartlagt i 2007, og gjentatt i 2017.
Kartleggingane er gjennomført fem år før og fem år etter samhandlingsreforma. Vi ser i dag eit helsevesen der bl.a. samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta i aukande grad har blitt digitalisert. I denne studien vil ein finne ut om denne og andre endringar har ført til eit helsevesen som jobbar meir effektivt med dokumentasjon og rapporteringsarbeid.
Metode
Det vart nytta eit sjølvadministrert spørjeskjema; The Ward Organisational Features Scales (WOFS).