Legevaktpilot i Sogn og Fjordane- ein studie av leiarar, sine erfaringar.

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

Januar 2020 - Desember 2021

Prosjektsamandrag

Dette forskingsprosjektet eit delprosjekt i eit større forskingsprosjekt skal utforske erfaringar frå helse- og omsorgstenestene i dei kommunane i Vestland fylke som er involverte i prosjektet «Legevaktpilot i Sogn og Fjordane», initiert av Helsedirektoratet. Dette del-prosjektet skal studere erfaringar til leiarar i dei kommunane som er involverte i piloten. Fokus er på leiarens erfaringar med oppstarten, organisering, kompetanse, kompetansebehov, rolle- og oppgåvefordeling og kvalitet på dei akutte tenestene. Dei andre del-prosjekta skal studere videokonsultasjonane og pasientanes erfaringar med tilbodet frå piloten.