Internasjonalisering i sjukepleieutdanninga: Læringsutbytte frå studentutveksling på Madagaskar.
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
Mars 2020 - Desember 2023
Prosjektsamandrag
Å reise på utveksling skal bidra til å gi studentane eit internasjonalt perspektiv på faget, og skal bidra til auka inter kulturell kompetanse for å vera aktørar i ei global verd. Mobilitet i sjukepleiefaget har eit vidt spenn der nokre reiser til nærliggande naboland, ein stor del reiser til europeiske samarbeidspartnarar og ein del reiser utanfor kontinentet til land med heilt andre sosioøkonomiske vilkår. Spørsmålet ein kan stilla er i kva grad sjukepleiestudentar heimehøyrande i Noreg har nytte av denne type utveksling med tanke på framtidig sjukepleiearbeid i Noreg. Denne studien skal utforske utbyttet sjukepleiestudentar, uavhengig av sosioøkonomiske ressursar, kan hente frå denne type utveksling. Ein feltstudie skal utforske korleis ein «Internasjonal Tospann modell» fungerer i praksis og kva utfordringar som melder seg. Funna kan bidra til å utvikle ein modell for praksissamarbeid med partner institusjonar som kan gje auka inter kulturell kompetanse hjå både studentar som reiser på utveksling og for dei som er heime.
Målsetting med prosjektet
Målet med prosjektet er å få fram kunnskap om læringsutbytte sjukepleiestudentar kan hente frå utveksling gjennom utveksling til eit av verdas fattigaste land der sosioøkonomiske rammer er svært ulike frå Noreg. Studien tek utgangspunkt i sjukepleiefaglege verdiar som læringsmål. Studien skal også utforske utfordringar og bruk av praksismodellen Tospann.
Forskingsspørsmål:
- Kva lærer sjukepleiestudentar om verdigheit i praksis på Madagaskar?
- Kva opplev studentane som utfordrande og kva støtte meiner studentane dei treng for å nå læringsmåla sine når dei går i eit internasjonalt tospann?
- Kva utbytte har dei norske studentane av praksis i eit av verdas fattigaste land, når dei etterpå skal heim til eit av verdas rikaste land?
Design og metode
Studien har eit kvalitativt og eksploderande design og består av tre delstudiar.
Deltakarar og kontekst
Deltakarane i studien vil vera norske og gassiske sjukepleiestudentar i tredje studie år av sjukepleieutdanninga som har klinisk praksis i ulike helseinstitusjonar på Madagaskar. Feltstudie vil utførast medan studentane går i eit Internasjonalt to-spann, i kirurgisk praksis på eit lokalt sjukehus.