Internasjonalisering i sjukepleieutdanninga: Læringsutbytte frå studentutveksling på Madagaskar.
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
Mars 2020 - Desember 2023
Prosjektsamandrag
Å reise på utveksling skal bidra til å gi studentane eit internasjonalt perspektiv på faget, og skal bidra til auka inter kulturell kompetanse for å vera aktørar i ei global verd. Mobilitet i sjukepleiefaget har eit vidt spenn der nokre reiser til nærliggande naboland, ein stor del reiser til europeiske samarbeidspartnarar og ein del reiser utanfor kontinentet til land med heilt andre sosioøkonomiske vilkår. Spørsmålet ein kan stilla er i kva grad sjukepleiestudentar heimehøyrande i Noreg har nytte av denne type utveksling med tanke på framtidig sjukepleiearbeid i Noreg. Denne studien skal utforske utbyttet sjukepleiestudentar, uavhengig av sosioøkonomiske ressursar, kan hente frå denne type utveksling. Ein feltstudie skal utforske korleis ein «Internasjonal Tospann modell» fungerer i praksis og kva utfordringar som melder seg. Funna kan bidra til å utvikle ein modell for praksissamarbeid med partner institusjonar som kan gje auka inter kulturell kompetanse hjå både studentar som reiser på utveksling og for dei som er heime.
Målsetting med prosjektet
Målet med prosjektet er å få fram kunnskap om læringsutbytte sjukepleiestudentar kan hente frå utveksling gjennom utveksling til eit av verdas fattigaste land der sosioøkonomiske rammer er svært ulike frå Noreg. Studien tek utgangspunkt i sjukepleiefaglege verdiar som læringsmål. Studien skal også utforske utfordringar og bruk av praksismodellen Tospann.
Forskingsspørsmål:
- Kva lærer sjukepleiestudentar om verdigheit i praksis på Madagaskar?
- Kva opplev studentane som utfordrande og kva støtte meiner studentane dei treng for å nå læringsmåla sine når dei går i eit internasjonalt tospann?
- Kva utbytte har dei norske studentane av praksis i eit av verdas fattigaste land, når dei etterpå skal heim til eit av verdas rikaste land?
Design og metode
Studien har eit kvalitativt og eksploderande design og består av tre delstudiar.
Deltakarar og kontekst
Deltakarane i studien vil vera norske og gassiske sjukepleiestudentar i tredje studie år av sjukepleieutdanninga som har klinisk praksis i ulike helseinstitusjonar på Madagaskar. Feltstudie vil utførast medan studentane går i eit Internasjonalt to-spann, i kirurgisk praksis på eit lokalt sjukehus.
Metode
Delstudie 1: Verdigheit – læringsfokus i sjukepleieutveksling
Denne delen av studien vil utforske korleis utveksling kan gi læring knytt til sjukepleie som ikkje krev moderne og teknisk utstyr, men som er tufta på dei grunnleggande verdiane. Verdiane me ønskjer å utforske er verdigheit.
Problemstilling: Korleis og kva lærer sjukepleiestudentar verdigheit i klinisk praksis på Madagaskar.
Utvalget skal bestå av både norske og gassiske studentar som er i klinisk praksis på Madagaskar.
Metode
Data skal samlast inn gjennom dagbok skriving og individuelle intervju.
Funna vil frå data henta frå dei norske studentane vil gi oss kunnskap om læring knytt til grunnleggande sjukepleieverdiar, under utvekslings opphald. Funna frå data frå dei gassiske studentane, kan gi grunnlag for ein samanlikningsstudie på korleis ein opplev verdigheit. Dette kan sei oss noko om kva grad sosioøkonomiske rammer, og kultur betyr for forståing og praktisering av grunnleggande verdiar i sjukepleiefaget. Denne kunnskapen kan ha betyding for tverrkulturell samhandling i helsetenesta.
Delstudie 2: Praksismodellen «Internasjonal tospann» på Madagaskar – Utfordringar og muligheiter for læring
Problemstilling: Korleis handterer studentane frå to ulike kulturar, med ulikt språk, og sosioøkonomiske vilkår å samarbeide om praksis?
Mål for studien er at den skal gi implikasjonar for utbetring av praksis modellen Internasjonalt to spann, slik at den kan nyttast i vidare praksis arbeid. Studien skal utforske Kva studentane opplev som utfordrande og kva som er støttande for læring og samhandling gjennom modellen.
Metode
Feltarbeid med deltakande observasjonar, formelle og uformelle intervju vil nyttast som metode for å svare på problemstillinga. Utvalget i studien vil vera studentane som går i internasjonalt tospann frå både Noreg og Madagaskar. Observasjonane vil utforske korleis studentane samhandlar i praksis, korleis inkluderer dei kvarandre, kva er utfordringane når dei samhandlar. I kva situasjonar har studentane behov for retningslinjer og rettleiing. Feltarbeidet vil ha ein varighet på ei veke, der studentane er i tredje arbeidsveke av tospann samarbeidet. . Data materiale i feltstudien vil vera feltnotater, omskrivingar frå observasjonane og dei avsluttande intervjua.
Delstudie 3 – Sjukepleiefagleg nytteverdi ved studentutveksling til verdas fattigaste land?
Siste del i studien skal svare på forsking spørsmål tre. Kva utbytte har studentane av praksis i eit av verdas fattigaste land, når dei etterpå skal heim til eit av verdas rikaste land. Kva utbytte har studentane frå denne praksisperioden seinare i arbeidslivet som dei ikkje ville fått frå ordinær praksis heime, og kva mister dei?
Metode
Utvalet i denne studien er studentar som har vore i praksis i 12 veker på Madagaskar frå 2016 - 2019, og som har vore i arbeid som sjukepleiarar etter dette. Studentane vil bli kontakta per e-post, kor dei får eit elektronisk spørjeskjema som hentar inn kvantiative data, men med opne kommentarfelt. Informantar som kunne tenke seg å delta i individuelle intervju blir bedt om å ta kontakt med forskar.
Individuelle intervju, vil utforske kva læringsutbytte studenten har henta frå praksis, kva dei opplev dei har mista frå å ikkje ha praksis heime, og kva dei meiner kunne gjort praksis endå betre.