Frå alvorleg rusproblem til full deltaking i sosiale fellesskap. Ein kvalitativ studie av langvarige recoveryprosessar.

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

Januar 2020 - Desember 2024

Prosjektsamandrag

Bakgrunnen for forskingsprosjektet er at det i dag finnes lite kunnskap om korleis menneske som har hatt eit alvorleg rusproblem opplever prosessen med å utvide sitt sosiale nettverk og delta i nye sosiale fellesskap. Dette forskingsprosjektet har som hovudmål å styrke kunnskapen om kva personar som er i langvarige recoveryprosessar etter alvorleg rusproblem, har gjort for å få vener utanfor rusmiljøet og kva oppleving dei har av å høyre til i dei nye fellesskapa. Det har tidlegare vore gjennomført intervju med 30 deltakarar frå STAYER-studien som har vore heilt rusfri i minst to år og som samtidig har hatt bustad, arbeid og vener utanfor rusmiljøet i eitt år. I dette prosjektet tek ein utgangspunkt i dei same 30 deltakarane, etter inklusjonskriteria som vist til ovanfor og inviterer dei til nye intervju der fokuset er å utforske deira sosiale nettverk og opplevinga av å høyre til i dei nye sosiale fellesskapa. Kvalitativt forskingsintervju har ei styrke i at ein kan få djupar innsikt i menneske sine erfaringar og livsverden. Denne kunnskapen kan være viktig for personar som er i tilsvarande prosessar, deira pårørande og hjelpeapparatet, fordi den vil gje betre innsikt i kva personar som er i recoveryprosess etter alvorleg rusproblem har gjort for å utvide sitt sosiale nettverk og kva som har gjett dei ei oppleving av å høyre til i dei nye sosiale fellesskapa.

Metode

Kvalitative analysemetoder