Erfaring med overvekt

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

Desember 2020 - Desember 2021

Prosjektsamandrag

Forskingsprosjekt: «Erfaringar med overvekt» Bakgrunn: Overvekt og fedme aukar stort i den norske befolkninga og krev ein forsterka innsats. Formål: Formålet med denne studien er å få fyrstehandserfaring bland personar med overvekt. Auka innsikt i erfaringar kan bidra til utvikling av kunnskap om når og korleis fastlege, og hjelpeapparatet generelt, best kan ta opp vekt som tema og samtale kring det. Med den hensikt at den det gjeld får tidsnok hjelp og unngår utvikling av fedme. Problemstillinga: Korleis erfarer personar med overvekt å bli møtt av fastlegen? Metode: Studien har eit kvalitativ design. Inntil tolv semistrukturerte individuelle intervju skal gjennomførast etter å ha rekruttert informantar gjennom sosiale medium, private aktørar knytt til livsstilendring, annonsering, oppslag og snøballmetoden. Personar vert spurt om å delta dersom vedkommande: - har ein KMI mellom 25-30 i følgje WHO sin klassifisering av KMI - har ein KMI som eg høgare enn 30 og vil bli intervjua i perioden i livet du hadde ein KMI mellom 25-30 - har eller har hatt tankar om at overvekt er eller kan bli ei utfordring for deg – fysisk, psykisk eller sosialt - er mellom 18-55 år, mann eller kvinne - du har erfaring eller ikkje har erfaring med å snakke med fastlegen om overvekt

Metode

Kvalitative analysemetoder