Menneske som har opplevd tortur, fysioterapeuters erfaring og rolle.

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

November 2020 - Desember 2022

Prosjektsamandrag

I prosjektet PREP fann vi at fysioterapeuter i Norge og Europa har for lite kunnskap og kompetanse i å behandle menneske som har vore utsett for tortur, I mange Europeiske land, inkludert Norge, har ikkje fokuset vore så stort på dette temaet, sjølv om det er fleire menneske i desse landa som har vore utsett for tortur og har behov for tilpassa helsehjelp. Målsettinga vår er at fysioterapiutdanningar og andre helseprofesjonsutdanningar i Norge får kompetanse til å implementere undervisning om rehabilitering etter tortur i sine undervisningsprogram. I denne første delen av studien ser vi på kva erfaring fysioterapeutar i Norge har med å jobbe med menneske som er utsett for tortur, og i kva grad dette er eit tema det er fokus på. Vi ser og på kva kompetanse fysioterapeutar har behov for.  

Metode

Kvalitative intervju med fysioterapeutar som jobbar i humanitære organisasjonar og NGOs som jobbar med torturoffer. 

Spørjeskjema til fysioterapeutar i Norge.