Ein feasibility studie av psykoedukasjon retta mot unge vaksne med lett utviklingshemming og deira foreldre/omsorgspersonar

Prosjekteigar

Helse Bergen HF - Haukeland universitetssykehus

Prosjektperiode

Februar 2021 - Desember 2025

Prosjektsamandrag

Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO) i Bergen og Høgskulen på Vestlandet (HVL) søker REK- godkjenning for å kunne undersøke anvendelegheit og nytteverdi av eit gruppebasert standardisert psykoedukativt kurs retta mot unge pasientar med lett utviklingshemming. Nye behandlingstilbod skal bygge på kunnskapsbasert praksis og HAVO ynskjer å styrke sitt behandlingstilbud med pasientopplæring, samt styrke tilbud til nære omsorgspersonar. I den forbindelse har HAVO utvikla eit psykoedukativt kurs til pasienter og eit til deira foreldre/nære omsorgspersoner. Forskingsprosjektet er utforma som ein feasibility studie, med hensikt å kartlegge korleis dei psykoedukative kursa lar seg gjennomføre og nytteverdien for brukarane av tilbodet. Ei feasibility utforming er valt fordi ein vil systematisk kartlegge kursopplegg, kartleggingsverktøy og nytteverdi for deltakarane før ein evt. gjennomfører ei større systematisk undersøking av effekt. Det vil nyttast både kvantitativ og kvalitativ metode i form av kartleggingsverktøy og intervju.

Metode

Kvantitative analysemetoder, Kvalitative analysemetoder