Prediction of ignition and spread of wildfires in Scandinavia: from experiments to models
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Anvendt forskning
Prosjektperiode
Oktober 2021 - September 2025
Prosjektsamandrag
Global oppvarming skaper høgare temperaturar, mindre regn og lengre periodar med tørre vêrforhold. Slike forhold aukar risikoen for skogbrannar – store, destruktive brannar som spreier seg raskt over skog eller sletter. Slike brannar oppstår no i regionar der dei før var sjeldne, slik som i Nord-Europa. Her forventar vi at skogbrannar vil skje langt oftare og i større skala enn før.
For å redusere risikoen for skogbrannar, må me betre vår evne til å forstå slike katastrofar. PREWISS har som å mål å bidra til varsling av skogbrannfare og fare for brannspreiing ved å innføre nye metodar for å avdekke risiko. I tillegg vil vi også utvikle modellar for å forstå korleis slike brannar spreier seg.
Det viktigaste skrittet i kampen mot skogbrannar er å forstå dei. Tenninga og spreiinga av desse brannane er påverka av mange ulike faktorar, som til dømes brennbarheita i vegetasjonen, forma på terrenget, fuktigheit og vind. For å forstå desse fenomena betre, vil vi jobbe med å kategorisere ulike typar vegetasjon og eigenskapane deira i møte med brann.
Vi må anta at vi ikkje kan unngå skogbrannar heilt. Vi treng difor å føresjå den potensielle spreiinga av skogbrannar så presist som mogeleg. Dette vil hjelpe brannmannskapar til å rette innsatsen sin mot dei områda som står i størst fare for å bli påført øydeleggingar. PREWISS vil utvikle en matematisk modell som, når den blir nytta i samspel med geografiske data, kan føresjå denne spreiinga. Dette vil gje grunnlag for å utforme tiltak som kan gi vern mot brannar som alt har starta.
Prosjektet siktar mot å forstå skandinaviske skogbrannar langt betre enn vi gjer i dag. Hovudmålet vårt er å skape eit dynamisk verktøy som kan føresjå tenninga og spreiinga av skogbrannar i Skandinavia, med utgangspunkt i den særeigne vegetasjonen og vêrforholda i desse landa. Slik vil prosjektet bringe fram ny kunnskap som kan hjelpe oss i kampen mot brannkatastrofane vi veit er på veg, og hindre dei store øydeleggingane dei fører med seg.