Klimamonitorering av dagsturhytter
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Institutt for bygg, miljø- og naturvitskap
Prosjekttype
Anvend forsking
Grunnforsking
Prosjektperiode
August 2023 - August 2026
Prosjektsamandrag
Forskingsgruppa ved HVL har innleia eit samarbeid med Vestland fylkeskommune (VLFK), Rojo arkitekter og Stad Kystbygg om å gjennomføre ein pilotstudie med installering av fukt- og temperatursensorar i 5 dagsturhytter som er oppført i ulike klima i Vestland fylke. Det vil bli gjennomført ei enkel tilstandsregistrering av hyttene ved oppstart av prosjektet, og tilstanden vil bli samanlikna med opprinneleg tilstand for hyttene når dei var nye. Dette vil samanstillast med lokale interpolerte klimadata frå næraste meteorologiske stasjon (met.no) for perioden hyttene har vore i drift. Deretter vil det bli installert fukt- og temperatursensorar i ulike bygningsdeler. Etter eit år med logging av data vil det bli gjennomført ei ny tilstandsregistrering som då blir samanstilt med klimadata. Det vil også bli gjort registreringar av lokale topografiske forhold og andre relevante bygningsfysiske parameter på dei respektive lokasjonane. Etter at piloten er gjennomført vil det bli gjort ei evaluering av om ein skal skalere opp prosjektet, og eventuelt korleis forskingsdesignen skal justerast for å sikre gode data for vidare utvikling av bygningsfysisk teori og praktiske byggetekniske, klimatilpassa løysingar.