Persontilpassa støtte til eigenmeistring etter fedmekirurgi

Prosjekteigar

Helse Førde HF

Prosjektperiode

Januar 2024 - September 2029

Prosjektsamandrag

Føremålet med studien er ny kunnskap om pasientar sine eigenmeistringsprosessar etter fedmekirurgi. Vaksne pasientar som har gjennomgått fedmekirurgi og som framleis er under oppfølging i spesialisthelsetenesta kan delta (≥ to års oppfølging). Studien vil nytte kvalitative forskingsmetodar for å få innsikt i pasientar sine erfaringar. Eigenmeistring etter fedmekirurgi, særleg meistring av psykososiale endringar, utvikling av meistringskapasitet og kva ressursar pasientar drar nytte av for å meistre eiga helse i kvardagen og på lang sikt, vil bli undersøkt. Studien er ein del av eit doktorgradsprosjekt ved Høgskulen på Vestlandet. Resultata skal danne kunnskapsgrunnlag for utvikling av eit verktøy for vurdering av individuelle meistringsressursar og -behov og tilgang til persontilpassa meistringsstøtte gjennom oppfølgingsforløpet.

Metode

Kvalitative analysemetoder