Seksualitet - eit underkommunisert tema i møte med pasientane våre?

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Anvendt forskning

Prosjektperiode

Januar 2024 - Desember 2025

Prosjektsamandrag

Formålet med denne masteroppgåva er å setje søkelyset på temaet seksualitet, og undersøke om, og eventuelt korleis, pasientar sin seksualitet blir tilnærma i psykomotorisk fysioterapi. Ettersom det heilskaplege perspektivet og fokus på heile mennesket står sentralt i Norsk Psykomotorisk Fysioterapi (NPMF), og seksualitet er eit grunnleggjande aspekt ved det å vere menneske, er vi nysgjerrige på kva rolle pasientar sin seksualitet har i/under psykomotorisk fysioterapibehandling. Vidare kor vidt seksualitet er eit tema og korleis dette blir jobba med kroppsleg. 

Vi håpar denne masteroppgåva kan bidra til å fylle kunnskapshola angåande korleis ein som psykomotorisk fysioterapeut, med eigen seksualitet, møter pasientar med deira seksualitet. Vidare håpar vi denne kunnskapen kan overførast og ha verdi for anna helsepersonell. Dessutan vil fordjuping i seksualitet som tema, også kunne fremme vår eigen kompetanse og kunnskap i møte med våre framtidige pasientar. 

Metode

Teambaserte intervju med psykomotoriske fysioterapeuter. Strategisk rekruttering fro å sikre størst mulig variasjon med tanke på antall år i yrket, alder, kjønn, bosted og videreutdanning (for eksempel i sexologi).