Validering av norsk versjon av Nature relatedness scale – short form (NR-6)
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
Desember 2024 - Desember 2025
Prosjektsamandrag
Føremålet med denne studien er å validere den norske versjonen av NR-6, eit måleinstrument med seks påstandar som måler naturtilknyting.
Over 100 deltakarar vil svare på NR og andre relevante spørjeskjema i ein tverrsnittstudie. Ein vil undersøkje intern konsistens, test-retest reliabilitet, faktorstruktur og korrelasjonar med miljøhaldningar, livskvalitet og helse. Prosjektet behandlar berre anonyme opplysningar, og er derfor ikkje meldepliktig til SIKT.
I ei tid der naturen er under aukande press, og når naturen kan ha ein positiv effekt på menneske si helse og livskvalitet, er det viktig å kunne kartleggje og forstå menneske si tilknyting til naturen. Dersom resultata er tilfredsstillande, vil NR-6 kunne nyttast i norsk kontekst og bidra til betre forståing av samanhengen mellom naturtilknyting, miljøhaldningar, helse og livskvalitet.
Litteratur
Nisbet, E. K., & Zelenski, J. M. (2013). The NR-6: A new brief measure of nature relatedness. Frontiers in psychology, 4, 813.