Elektronisk pasientkurve med KI-støtte – til øving og simulering i SimArena

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Faglig utviklingsarbeid

Prosjektperiode

November 2025 - Desember 2026

Finansieringskjelder

HVE

Prosjektsamandrag

Elektronisk pasientkurve med KI-støtte til øving og simulering i SimArena Sammendrag Prosjektet har som mål å utvikle ein elektronisk pasientkurve med kunstig intelligens (KI)-støtte for bruk i ferdigheitstrening og simulering i sjukepleieutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Løysinga skal fungere som eit digitalt læringsverktøy som etterliknar funksjonaliteten i pasientkurver frå klinisk praksis, inkludert registrering av vitale målingar, observasjonar, legemiddelhandtering og dokumentasjon. Systemet skal vere plattformuavhengig, ha eit brukarvennleg og praksisnært grensesnitt, og kunne fyllast med fiktive pasientdata generert eller kvalitetssikra ved hjelp av KI. Studentane skal kunne leggje inn eigne observasjonar og tiltak under simulering, og få automatisk respons frå KI-systemet som støtte for læring og refleksjon. Bakgrunnen for prosjektet er behovet for meir realistiske og praksisnære digitale læringsressursar i sjukepleieutdanninga. Trass i omfattande digitalisering i helsetenesta nyttast i dag framleis papirbaserte pasientkurver i simulering ved HVL. Dette gir avgrensa overføringsverdi til praksisfeltet, der dokumentasjon skjer digitalt, strukturert og i sanntid. Overgangen mellom utdanning og praksis inneber dermed eit tydeleg teori–praksis-gap, slik også NOKUT peikar på. Manglande erfaring med digital dokumentasjon kan påverke både studentanes sjølvstende og pasienttryggleiken i praksisperioden. Ein elektronisk pasientkurve vil bidra til å redusere dette gapet ved å gi studentane erfaring med systemlogikk, informasjonsflyt og kontinuerleg oppdatering av pasientdata i eit digitalt miljø som liknar klinisk praksis. Prosjektet støttar HVLs digitaliseringsstrategi og byggjer opp under sentrale mål knytt til kvalitet, pasienttryggleik og fagleg relevans. Verktøyet vil leggje til rette for meir realistisk, studentaktiv læring og gi eit viktig bidrag til å styrkje samanhengen mellom teori og praksis i sjukepleieutdanninga.