Kvar tek dei det frå? Kva faktorar påverkar kunnskapsbasen og den pedagogiske praksisen hjå førskulelærarane i barnehagen?

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Prosjektperiode

April 2011 - November 2011

Prosjektsamandrag

Forprosjekt for utvikling av søknad om PRAKUT-midlar 2011. Eit av dei forholda som vert løfta fram i PRAKUTs program er det viktige samfunnsmandatet barnehagen har gjennom barnehagelova, og at læring, leik og omsorg er uløyseleg knytt saman. Vidare vert det sagt at det er eit stort behov for forskingsprosjekt som ser på forhold som kan bidra til å skape og vedlikehalde eit godt læringsmiljø for alle i barnehagen. Sentralt i dette problemområdet står førskulelæraren og førskulelæraren sin kunnskapsbase og pedagogiske forståing, og vidare dei pedagogiske grunnverdiane førskulelærarutdanninga bygger på. Er det samsvar her? Eller er det ein dissonans mellom barnehagens og førskulelærarutdanninga sitt pedagogiske verdisett?

Metode

Forprosjektet skal utvikle større innsikt i autoetnografiske tilnærmingar og andre metodar som kan får fram autentiske skildringar av førskulelærarpraksisar. Vidareutvikling av teoretisk forankring, vurdering av ulike tilnærmingar til autoetnografi, etnografi og andre metodar som er knytt til insider-tenking (Kvernbekk, 2005) og utprøving av einskilde metodar i denne samanhengen. Det blir arrangert seminar for å få fleire aktørar inn i prosjektet. Prosjektleiar:Professor Knut Steinar Engelsen, Høgskulen Stord/Haugesund. Medarbeidar: Høgskulelektor Marta Sinnerud, Høgskulen Stord/Haugesund