Kva kjenneteiknar pleiepraksis i sjukeheim?
Prosjekteigar
Universitetet i Bergen
Prosjektperiode
Januar 2008 - Juli 2012
Prosjektsamandrag
Dette prosjektet handlar om i kva grad nye krav til kvalitet har nedfelt seg i pleiepraksis i sjukeheimen. Ein praksis som er skapt over tid, vert gjerne tatt for gitt. Det er difor interessant å gjere kulturen til gjenstand for forsking og analyse. Ved å studere møtet mellom tradisjonelle verdiar i pleiepraksis og samfunnet sine krav til kvalitet er føremålet å sjå i kva grad pleiepraksis er oppteken av dei nye krava eller om det er andre faktorar som er avgjerande for praksis. Hensikten med studien er å beskrive og utforske kva som kjenneteiknar pleiepraksis i sjukeheim.
Metode
Kvalitativ metode med eit etnografisk design. Feltarbeid i to sjukeheimar, inkludert deltakande observasjon i to langtidsavdelingar, intervju og dokumentanalyse. 37 hjelpepleiarar og 8 sjukepleiarar deltek i studien.