Det lokale, 1814 og Grunnlova - Studiar frå Nordvestlandet og Telemark

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Handelshøgskulen HVL

Prosjektperiode

September 2012 - August 2014

Prosjektsamandrag

Hovudpublikasjonen frå prosjektet er antologien Med påhalden penn? 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark som vart lansert i juni 2014. 

Det overordna målet for prosjektet er å vurdere i kva grad og på kva måte det lokale og det nasjonale greip inn i kvarandre både når det gjeld politiske idear og politiske handlingar i tilknyting til dei rikspolitiske hendingane i 1814 og utforminga og responsen på grunnlova. Prosjektet skal gje ei brei forståing av prosessane i 1814 slik dei arta seg på lokalt og regionalt nivå i dei noverande fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Telemark. Karakteren til desse politiske prosessane vil også danne grunnlag for ein komparativ analyse av den politiske kulturen som kjenneteikna dei aktuelle regionane.

Prosjektet er eit samarbeid mellom historiemiljøa ved Høgskulen i Volda, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Telemark. Antologien Med påhalden penn? innheld artiklar frå dei tolv prosjektdeltakarane og ei innleiing av redaktørane. I samband med prosjektet vil også fleire av deltakarene ha foredrag og innlegg på seminar.