Sosialt arbeid og sosialpolitikk: Foreldreskap i eksil

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Institutt for velferd og deltaking

Prosjekttype

Ph.d.-prosjekt

Prosjektperiode

August 2012 - Desember 2019

Prosjektsamandrag

Doktorgradsarbeidet søkjer å auke kunnskapen om foreldreskap i eksil i Noreg. Det empiriske materialet vil vere intervju av foreldre og barn som kom til Noreg som asylsøkarar kring år 2000, og som framleis er busette i land- og småbykommunar på Vestlandet. Ynskjet er å få fram korleis foreldreskapet har utvikla seg den første tiårsperioden som busette i landet, samt om og korleis hjelpeapparatet og andre profesjonelle har delteke i dette.

Prosjektet ser nærare på desse problemstillingane: Kva utfordringar møter foreldre i eksil i Noreg, og kva er til hjelp?Korleis skjer forhandling om foreldreskap dei første åra i landet?Kva plass har hjelpeapparatet og andre profesjonelle i forhandlingane?Kva diskursar blir aktivert i forhandlingane, og kva meining blir produsert?Eit mål med prosjektet er å utvide kunnskapsgrunnlaget for profesjonelle i helse- og sosial-tenestene si samhandling med foreldre i eksil.

Prosjektet er knytt til doktorgradsprogrammet "Sosialt arbeid og sosialpolitikk" ved HiOA,

http://www.hioa.no/Studier/SAM/Ph.d/Sosialt-arbeid

Rettleiar er Oddbjørg Skjær Ulvik.