Nynorsk i praksis: Lærarstudentar møter nynorskelevar, fase I
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking
Prosjektperiode
September 2008 - Juli 2009
Prosjektsamandrag
Prosjektet undersøkjer i kva grad allsidig nynorskbruk i praksisopplæringa - i samspel med ulike stimuleringstiltak - kan bidra til å styrkje nynorskkompetansen til lærarstudentar. Deltakarar var 29 allmennlærarstudentar ved Høgskolen i Bergen som studieåret 2008/2009 fekk praksisopplæring i elevgrupper med nynorsk som hovudmål. Kva slags utfordringar tilfører den norske tospråkssituasjonen ikkje berre morsmålsfaget, men også lærarprofesjonen i vid forstand? I tråd med Kunnskapsløftet (LK06) skal alle lærarar kunne vere lese- og skrivelærarar i alle fag på alle trinn, både på bokmål og nynorsk. I lærarutdanninga skal altså studentane, også dei som har hatt nynorsk som sidemål i grunnskolen og den vidaregåande skolen, i løpet av studietida bli kvalifiserte til å bruke nynorsk som hovudspråk i alle fag dei skal undervise i. Vi ser derfor lærarstudentane sin nynorskkompetanse både i eit profesjonsperspektiv og eit danningsperspektiv.