Educational patterns among slum youths in Kathmandu, Nepal

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Ph.d.-prosjekt

Prosjektperiode

Juni 2009 - Juni 2013

Prosjektsamandrag

Phd. prosjektet ?Educational patterns among slum youths in Kathmandu, Nepal? undersøkjer relasjonen mellom utdanning og sosial mobilitet blant sårbare grupper i hovudstaden i Nepal. Fokus for studien er å sjå på innbyggarar i eit slumområde i Kathmandu sitt forhold til eksterne agentar i deira utdanningskarriere. Kva påverknad har eksterne aktørar på barn og unge i slummen sine utdanningsvegar? Og kva konsekvensar får det for framtida til dei unge fattige at dei er avhengig av ekstern støtte for å få tilgang til utdanning? I dette bildet vil relasjonen mellom formell og uformell utdanning, mellom tradisjonelle og moderne praksisar, forholdet mellom fortida og framtida vere relevante lag i analysen. Desse relasjonane innehar også eit fundamentalt paradoks som ungdommane må navigere gjennom og velje mellom, og studien ønskjer å bringe fram ny kunnskap om paradoksa i moderne utdanning og potensialet for utvikling slik den kan observerast i det urbane bylandskapet i eit utviklingsland