Fysisk aktivitet i skulekvardagen
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Institutt for idrett, kosthald og naturfag
Prosjektperiode
September 2004 - Desember 2005
Prosjektsamandrag
1. Omfanget av organisert fysisk aktivitet i skuletida utanom kroppsøvingsfaget og friminutta. – Ei kartlegging av bruken av friluftsliv og andre aktivitetar i grunnskulane i Sunnhordland og i nord Rogaland. Kroppsøvingsseksjonen ved HSH kartlegg i denne undersøkinga det totale omfanget av fysisk aktivitet som kjem i tillegg til den obligatoriske undervisninga i kroppsøving og friminuttaktivitet. Kva type aktivitet det er tale om, friluftsliv, idrett og leik, er registrert. Det er og registrert sentrale rammefaktorar som kan vera med på å kasta ljos over resultata. Datamaterialet vart samla inn i ei survey undersøking som omfatta 94 skular (N=94) fordelt på 16 kommunar. Heile 84 % av skulane har ein eller annan form for organisert fysisk aktivitet utanom kroppsøvingsfaget og friminutta. Faktisk nyttar nesten 75 % seg av friluftslivrelaterte aktivitetar (n=84). Dette er atskillig meir enn for kategoriane leik (21 %) og idrett (40 %).. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom J. Nerland, T. Arnesen og grunnfagsstudentar idrett 03-04. Resultata, som inkluderar eit oversyn over tiltak i vårt distrikt, verdt sendt elektronisk til alle skulane. Me lagar dessutan ei nettside som kan fungera som ein idébank for skulane i deira vidare arbeid. Sida vil i tillegg til resultata frå undersøkinga gje ei oversikt over litteratur, forsking og gode nettstader som omhandlar fagområdet.