Organisert fysisk aktivitet i Sunnhordlands og Haugalandets grunnskoler. Realitet og visjoner

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Institutt for idrett, kosthald og naturfag

Prosjektperiode

Mars 2004 - Desember 2007

Prosjektsamandrag

Fysisk aktivitet i skulane på Stord Prosjektet som er eit samarbeid mellom Jørgen Nerland, Trond Egil Arnesen, studentar på grunnfag idrett og Litlabø skule, er eit delprosjekt av Stord kommune sitt prosjekt oppvekst. Delprosjektet har som siktemål å auka omfanget av fysisk aktivitet ved Litlabø skule, deretter skal erfaringane som blir gjort overførast til dei andre skulane i kommunen. Prosjektet inneheld ei kartleggingsundersøking av fysisk aktivitet i oppstartsfasen og avslutningsfasen av prosjektet. Den tiltaksorienterte delen av prosjektet inkluderer bidrag frå studentar samt praktiske tiltak utvikla i samarbeid med Litlabø skule. Stikkord her er fysisk aktivitet, kroppsøving, utemiljø, uteskule og kompetanseutvikling.