Danning av identitet hos praksislærer som lærerutdanner. – Prosesser og konsekvenser for framtidige lærarar sitt profesjonelle kunnskapsoppdrag.
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Ph.d.-prosjekt
Prosjektperiode
Januar 2011 - Desember 2017
Prosjektsamandrag
Et overordna mål for prosjektet er å undersøke korleis identiteten til lærerutdannarar i praksisfeltet vert konstruert eller danna i spenningsfeltet mellom teori og praksis. Gjennom utøving og forvaltning av yrkesoppgåva skal lærerutdannaren gje lærerstudentane eit grunnlag for profesjonell yrkesutøving. Ein kan seie at det ligg ei forventning i mandatet til lærerutdannaren om å utvikle lærerstudentane sin lærerprofesjonalitet. Det er derfor viktig å sjå på heile lærerutdannarspekteret, institusjonslærerutdanneren og praksislæraren som lærerutdannar om ein vil belyse fenomenet lærerutdannaridentitet. Det teoretiske rammeverket for studien vil være sosialkonstruktivistisk med fokus på praksisfellesskap (Wenger) og diskursanalytiske omgrep (Foucault). Prosjektet er i stor grad basert på erfaringar frå pilotprosjektet til høgskolen i Bergen, Skolebasert allmennlærerutdanning.