Litteratur i leseopplæringas teneste

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

November 2013 - September 2014

Prosjektsamandrag

Mål: Skrive ein artikkel som undersøker skjønnlitteraturens plass i skolen, og særleg forholdet mellom litteraturfaget og leseforskinga som grunnlag for arbeidet med litteratur.

Innhald: Litteraturen er under press i norskfaget i skolen. Det gjeld både omfang, lesemåtar og utval. Ein ser ein tendens til at danning og estetikk blir nedtona og at ein meir instrumentell lesemåte vinn fram. Ein hypotese er at denne utviklinga har å gjere med at andre disiplinar enn litteraturfaget dominerer det tekstdidaktiske feltet. Eit underspørsmål er korleis ein kan drive opplæring i litteraturlesing på litteraturfagets premissar. Ein konklusjon er at undervisning basert på litteraturkunnskap og litteraturfagleg innsikt, altså på premissane til norsk som kunstfag, framleis er god litteraturundervisning og god leseopplæring. 

Status 2014: Forskingsartikkel er publisert i Norsk Litterær Årbok 2014 s. 195-211: "Litteratur i leseopplæringas teneste? Om litteraturen og litteraturfaget i skolen".