Kulturskolen som ressurssenter for grunnskolen - korleis og kvifor
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
Januar 2011 - Juni 2014
Prosjektsamandrag
Mål
Prosjektet har hatt som mål å kartlegge innhald og gjennomføring av Bergen kulturskole sitt kulturfagprosjekt i grunnskolen. Målet er innsikt i aktørane sine motiv, målsetnader, verdiar og interesser, samt organisering og moglege resultat.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Bergen kulturskole og nokre utvalde grunnskolar i Bergen. Gjennom intervju med lærarar ser ein på korleis kunstfaglege samarbeidsprosjekt kan bety noko for estetisk danning i praksisfeltet. Kva skjer i møtet mellom kulturskole-og grunnskolelærarar i slike samarbeid? Påverkar kulturskolelæraren si forståing av kunnskapsoppdraget innhaldet i undervisninga, elevane sine erfaringar og læring og skolemiljøet generelt?