Utvikling og evaluering av bildebaserte biomarkørar

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Anvend forsking

Grunnforsking

Prosjektperiode

Mai 2015 - April 2018

Prosjektsamandrag

Prosjektet har som formål å utvikle og evaluere bildebaserte biomarkørar (imaging biomarkers) for å kartlegge kreftsvulstar fenotypisk. Ein biomarkør som er definert som “a characteristic that is objectively measured and evaluated as an indicator of normal biological processes, pathogenic processes, or pharmacologic responses to a therapeutic intervention" (Lesko et al., 2001).  Bildebaserte biomarkørar er biomarkørar som er generert frå bildedata og har den unike eigenskapen at dei er ofte er meir spesifikke enn biologiske biomarkørar, dei er ikkje-invasive, og ein kan følgje patologiske prosessar over tid. Konseptet med bildebaserte biomarkørar er relativt nytt, og evaluering og validering av bildebaserte biomarkørar er eit viktig forskningsfelt innan både MRI, PET/CT og CT. Det er ulike typar bildebaserte biomarkørar: i) diagnostiske/prognostiske markørar, ii) monitorerings/følgemarkørar, iii) indikatormarkørar og  iv) responsmarkørar. Mange bildebaserte biomarkørar fell inn under alle dei nemde kategoriane. Prosjektet tar sikte på å utvikle biomarkørar som gir kvantitative mål på patofysiologiske prosessar som kan målast ut frå radiologiske bilder. Endringar i underliggande patofysiologi oppstår tidlegare i tidsforløpet enn endringar i morfologiske eigenskapar ved svulsten, og kan difor gi tidleg informasjon om tumorprogresjon og behandlingsrespons.

Metode

Eksperimentelt oppsett, kvantitativ metode