Retoriske landskap - kunstfagdidaktiske grunnlagsspørsmål

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

Januar 2016 - April 2017

Prosjektsamandrag

Mål: Prosjektet tematiserer korleis stader og stadtenking gir vilkår for, og rammer for ulike slag tekstunivers - litterære, vitskaplege, kunstfagdidaktiske.  

Om prosjektet: Gjennom ei samling nyskrivne og tidlegare publiserte essay syner prosjektet fram kva ei kunstfagdidaktisk tenking kan vere i møte med ulike kunstfag sine uttrykksformer og teoriar. Tematisk spenner tekstane frå essay om retorisk tausheit og sakprosaens etikk via utforsking av retoriske landskap i forfattarskapane til Holberg, Hamsun, Jonsson, Johannesen, Christensen, Sæterbakken, Fosse, til ulike retoriske landskap i kunstfagleg og kunstfagdidaktisk forsking. 

Metode

tekstanalyse, hermeneutikk