Gule situasjonar i open omsorg

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Faglig utviklingsarbeid

Pedagogisk utviklingsarbeid

Prosjektperiode

Februar 2017 - Oktober 2019

Prosjektsamandrag

Samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Bergen og Bergen kommune ( Open omsorg).

Samarbeidsprosjektet var konkret knytt til å lage treningscenarioer som var høgaktuelle for personalet i Bergen kommune. Desse scenarioene skulle gje sjukepleiarane kunnskap og handlingsberedskap forbundet med desse scenarioene. Sjukepleiarar i bergen kommune deltok på desse scenarioene og fekk trening i forhold til handtering av både situasjon og vidareformidling til neste lekk i helsekjeden. (Gjennomført som simuleringar, SIM)

Samlinga gjekk over 3 dagar.

1 dag – var å gjere seg kjent med instrument og pasientkasus, samt trene på å formidle dette vidare til 113 etc.

2 dag var knytt opp omkring scenario trening der ein hadde 5 scenarioer som skulle trene sjukepleiarane i oppøvelse av ferdigheiter

3 dag eit resyme over kva som var gjennomgått og presentasjon  av statistikk gjort gjennom innsamling av data i form av utfylling eit spørjeskjema gjort i ettertid av scenario dagen.

 

I tillegg var det også lagt opp til ein evalueringsdag for deltakarane der dei kom med vurderingar korleis ein kunne fylgje dette opp i sin eigen organisasjon.