Fasilitering av læring og samhandling, en Q-studie
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Nærregion Stord/Haugesund
Prosjekttype
Bidragsprosjekt
Prosjektperiode
Februar 2017 - Januar 2020
Prosjektsamandrag
FOUSAM (forsknings- og utviklingseining mellom Helse Fonna, Høgskulen på Vestlandet og 18 kommunar i Helse Fonna regionen) har ansvar for seminar, nettverksgrupper og arbeidsgrupper. I desse samanhengane skal representantar for ulike pasient og brukar-organisasjonar, representantar for kommunar, føretak og høgskule jobbe i lag mot felles mål. Denne samhandlinga går ikkje av seg sjølv, og tilsette i FOUSAM har ofte ei rolle som tilretteleggar med ansvar for prosess og resultat. Denne rolla liknar mykje på det som i den engelske faglitteraturen er omtalt som "Facilitator".
Fasilitering er ikkje eit norsk omgrep, og innhaldet i omgrepet er uklart.
Dette prosjektet handlar om å sette ord på kva dei tilsette i FOUSAM legg i omgrepet fasilitering, og kva dei opplever som vesentleg for å få til samhandling mellom folk på tvers av profesjonar, strukturar og (makt)-posisjonar.
Metode
Designet er Q-metode der utsegn blir samla inn, strukturert og sortert, og ein ut frå dette får større forståing for kva "fasilitering" handlar om i denne konteksten.